Marinette County

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Wisconsin der Marinette County er markert med raudt

Marinette County er eit fylke i den US-amerikanske delstaten Wisconsin. Det ligg nordaust i staten ved Michigansjøen og det grensar mot Oconto County i sørvest, Forest County i vest og mot Florence County i nordvest. Fylket grensar også mot delstaten Michigan i nordaust.

Marinette Countys totale areal er 4 015 km², av dette er 384 km² vatn. I 2000 hadde fylket 43 384 innbyggjarar. Administrasjonssenteret ligg i byen Marinette som og er fylkets største by.

Fylket har namn etter byen Marinette som i sin tur er oppkalla etter ei handelskvinne på 1800-talet som var dotter av ein fransk-canadisk pelsjeger og ei menominee-kvinne.

Norsk innvandring[endre | endre wikiteksten]

Frå 1880 og ei knapt tjue år framover utvandra ein heil del sunnmøringar til Marinette, aller flest frå Ørsta. Dei fann sysselsetting som tømmerhoggarar eller på dei mange sagbruka.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Standal, Ragnar:Mot nye heimland, Volda 1985