Mario Monti
| Mario Monti | |
| Fødd | 19. mars 1943 (70 år) Varese i Lombardia |
|---|---|
| Parti | Partilaus |
| Verv | Statsminister i Italia (frå 16. november 2011)
EU-kommissær for konkurranse |
Mario Monti (fødd 19. mars 1943) er ein italiensk økonom, politikar og tidlegare EU-kommissær som blei statminister i Italia 16. november 2011. Han er òg livstidssenator i Det italienske senatet.[1]
Monti er utdanna økonom fra Bocconiuniversitetet i Milano, og studerte vidare ved Yale University under nobelprisvinnaren James Tobin. I 1971 blei han tilsett som professor ved Bocconiuniversitetet, og i 1989 blei han rektor ved universitetet. Frå 1995 til 2004 sat Monti som EU-kommissær, først med ansvar for den indre marknaden og seinare for konkurransespørsmål. Monti er rekna som ein forkjempar for den frie marknaden og kutting i offentlege utgifter, og er mellom anna kjend for arbeidet med å definera europeiske og internasjonale antitrust-standarder. I 2001 forhindra han fusjonen mellom General Electric og Honeywell, noko som var første gong Europakommisjonen stoppa ei samanslåing mellom to amerikanske selskap. Har har også sett i gang en prosess mot den monopolaktige stillinga til Microsoft.
13. november 2011 blei Monti beden om å danne ei ny regjering i Italia etter at Silvio Berlusconi trekte seg som statsminister.[2] Han gjekk inn i stillinga 16. november 2011.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Mario Monti» frå Wikipedia på bokmål, den 17. desember 2011.
Fotnotar [endre]
- ↑ Italy Prez names Mario Monti senator for life, Ibnlive.in.com, 2011-05-10, http://ibnlive.in.com/news/italy-prez-names-mario-monti-senator-for-life/200863-2.html, henta 2011-11-12
- ↑ – Vi skal gi Italias barn håp ! (13. november 2011).