Marit Breivik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marit Breivik (fødd 10. april 1955) er ein tidlegare handballspelar og langvarig trenar for det norske kvinnelandslaget.
Ho spelte i alt 140 landskampar som aktiv. I 1994 tok ho over som landslagstrenar etter Sven-Tore Jacobsen. Ho var sjølv trenar for landslaget fram til 2009, då Thorir Hergeirsson tok over.
Merittar som trenar [endre]
- 1994: EM-bronse
- 1996: EM-sølv
- 1997: VM-sølv
- 1998: EM-gull
- 1999: VM-gull
- 2001: VM-sølv
- 2002: OL-bronse
- 2002: EM-sølv
- 2004: EM-gull
- 2006: EM-gull
Utmerkingar [endre]
- Marit Breivik mottok Peer Gynt-prisen for kvinnelandslaget i handball i 1998.
- Det kongelege hoffet kunngjorde 16. mars 2009 at kongen har utnemnt Breivik til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen hennar som rollemodell i norsk idrett.