Marlene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
På gravsteinen til Marlene Dietrich er ho ganske enkelt minna som «Marlene».

Marlene, Marleen og Marlen er kvinnenamn danna som ei samanskriving av Maria og Magdalene, og viser dermed til Maria Magdalena frå det bibelske Nytestamentet. Liknande og nærskylde namnm er Malena og Malene. Namnet blei truleg først brukt, og i alle høve gjort verdskjend, av Marlene Dietrich, som var døypt Maria Magdalene Dietrich.

Marlene har namnedag den 8. desember i Noreg og 4. april i Sverige. I Noreg var det 962 kvinner som heitte Marlene, 455 som heitte Marlen og nær 30 som heitte Marleen i 2008.

Varianten Marlen kan også vera eit mannsnamn.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]