Marlene Moses

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marlene Moses

Fødd1961 (63 år)
Aiwo
Statsborgar avNauru
Yrkediplomat, politikar
Utdanna vedUniversity of Melbourne
Alle verv

Marlene Inemwin Moses (fødd 1. januar 1961) er ein naurisk politikar, og medgrunnleggjar av opposisjonspartiet Naoero Amo. Sidan 30. mars 2005 har ho vore den nauriske SN-ambassadøren.

Moses byrja etter utdanninga sin karriere som politikar i 1983, som tilsett i det nauriske utanriksdepartementet. I 1988 vart ho konsul i Tokyo, og i 1991 generalkonsul i Auckland.

Til 2003 var Moses helseminister, og var medlem av det nauriske parlamentet. Då Nauru vart medlem av SN i 1999 vart ho viseambassadør. I mars 2005 tok ho over som ambassadør etter Vinci Clodumar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «H.E. Ms. Marlene Moses». Permanent Mission of the Republic of Nauru to the United Nations. Henta 23. april 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Marlene Moses