Martín Silva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Martín Silva
Personleg informasjon
Namn Martín Andrés Silva Leites
Fødselsdato 25. mars 1983
Fødestad Montevideo i Uruguay
Høgd 187 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Defensor Sporting
Draktnummer 1
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2002 Uruguay Defensor Sporting 148 (0)
Landslag
2009- Uruguay Uruguay 1 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 6. februar 2010.

Martín Andrés Silva Leites (fødd 25. mars 1983 i Montevideo) er ein uruguayansk fotballspelar som spelar som keeper for Defensor Sporting i den uruguayanske fotballigaen. Han har òg spelt for landslaget til Uruguay.

Silva vart seriemeister i Uruguay med Defensor Sporting i 2008. Han debuterte for Uruguay sitt A-landslag 12. august 2009 i ein privatlandskamp borte mot Algerie. Han var med i Uruguay sin tropp til fotball-VM i 2010, men spelte ingen av kampane.