Luis Suárez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Luis Suárez
Luis Suárez cropped.jpg
Personleg informasjon
Namn Luis Alberto Suárez Díaz
Fødselsdato 24. januar 1989 (25 år)
Fødestad Salto i Uruguay
Høgd 181 cm
Posisjon Ving, spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Liverpool
Draktnummer 7
Ungdomsklubb
2003-05 Uruguay Nacional
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2005-06
2006-07
2007-11
2011-
Uruguay Nacional
Nederland Groningen
Nederland Ajax
Flag of England.svg Liverpool
29 (12)
29 (10)
110 (81)
110 (69)
Landslag**
2007- Uruguay Uruguay OL-lag
Uruguay Uruguay
3 (3)
77 (38)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 12. mai 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 7. mars 2014.

Luis Alberto Suárez Díaz (fødd 24. januar 1987 i Salto) er ein uruguayansk fotballspelar som spelar som angrepsspelar for Liverpool i engelsk Premier League, og på Uruguay sitt landslag. Han vart seriemeister i Uruguay med Nacional i 2006 og i Nederland med Ajax i 2011. I 2011 var han òg med på å vinna Copa América med Uruguay og vart kåra til beste spelar i turneringa.

Suárez vart kåra til årets spelar i Nederland i 2009/10-sesongen og vart òg toppskårar i den nederlandske toppdivisjonen same sesongen. I 2013/14-sesongen vart han kåra til årets spelar i Premier League og vart òg toppskårar. Han vart kåra til årets Ajax-spelar i 2008/09- og 2009/10-sesongen og i Liverpool i 2012/13- og 2013/14-sesongen. Han har vore Liverpool sin toppskårar i serien i alle dei tre sesongane han har spelt der, frå 2011/12-sesongen av.