Diego Forlán

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Diego Forlán
U10 Diego Forlán 7524.jpg
Personleg informasjon
Namn Diego Martín Forlán Corazo
Fødselsdato 19. mai 1979
Fødestad Montevideo i Uruguay
Høgd 179 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Inter
Draktnummer 9
Ungdomsklubb
Uruguay Peñarol
Uruguay Danubio
Argentina Independiente
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1998-2002
2002-04
2004-07
2007-11
2011-
Argentina Independiente
Flag of England.svg Manchester United
Spania Villarreal
Spania Atlético Madrid
Italia Inter
80 (37)
63 (10)
106 (54)
134 (74)
4 (1)
Landslag**
2002- Uruguay Uruguay 82 (31)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 24. september 2011.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 13. september 2011.

Diego Martín Forlán Corazo (fødd 19. mai 1979 i Montevideo) er ein uruguayansk fotballspelar som spelar som spiss for Inter Milano i den italienske toppdivisjonen Serie A, og for Uruguay sitt landslag.

Forlán kom til Europa då den engelske toppklubben Manchester United kjøpte han frå den argentinske klubben Independiente for 6,9 millionar pund i 2002. Han slo aldri heilt gjennom i Manchester, og brukte 27 kampar før han skåra det første målet sitt. Etter to sesongar vart han selt til Villarreal i Spania. Der vart han toppskårar i den spanske toppdivisjonen i 2004/05-sesongen. I 2007 gjekk han til Atlético Madrid, der han igjen vart toppskårar i den spanske toppdivisjonen i 2008/09-sesongen.