Mary Shelley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mary Shelley i 1840.

Mary Wollstonecraft Shelley (30. august 17971. februar 1851) var ein britisk forfattar som er mest kjend for boka Frankenstein.

Mary var fødd i London av Mary Wollstonecraft, som døydde då Mary var ti dagar gamal, og William Godwin. Etter at faren gifta seg på ny i 1801 levde Mary ofte hos pleieforeldra i Skottland. Allereie 10 år gamal skreiv ho si første bok.

I 1814 rømte ho heimanfrå (History of a six weeks' tour) med poeten Percy Bysshe Shelley, og i 1816 gifta dei seg etter at den første kona hans hadde teke livet sitt. Same året (året utan sommar) drog dei saman med Mary si søster Claire til Sveits for å treffe Lord Byron. I løpet av sommaren var dei ofte i lag nattetider i Byron sin Villa Diodati. I skummelt torevêr las dei grøssarar for kvarandre. Byron sin livlege, John Polidori, var òg med.

Inspirert av desse nattlege fantasiane i kombinasjon med bruk av opiat, oppstod tanken om at dei sjølve kunne skrive liknande forteljingar. Berre Mary Shelley og John Polidori kom lenger enn til utkast. I 1818, ho var då 19 år gamal, gav ho ut Frankenstein, rekna for å vere den første science fiction-romanen. Året etter, i 1819 gav John Polidori ut romanen The Vampyre som seinare skulle inspirere Bram Stoker til romanen Dracula som var gjeven ut i 1897.

Frankenstein vart populær, Mary Shelley byrja difor å skrive fleire bøker. Av dei meir sentrale er The Last Man som handlar om menneska sin undergang i det 21. hundreåret.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • History of a Six Weeks' Tour (1817)
  • Frankenstein or The Modern Prometheus (1818)
  • Valperga or The Life and Adventures of Castrussio, Price of Lucca (1823)
  • The Last Man (1826)
  • The Fortunes of Perkin Warbeck (1830)
  • Rambles in Germany and Italy in 1840, 1842 and 1843 (1844)

Filmar inspirert av Mary Shelley[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]