Maskinomsetjing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Maskinomsetjing er ei automatisk omsetjing frå éitt språk til eit anna.

I regelbasert maskinomsetjing blir omsetjinga styrt av ei rekkje kompliserte lingvistiske grammatikkar og reglar. På grunnlag av setningane sin syntaks og semantikk siktar ein mot å oppnå ei omsetjing som både er korrekt (dvs oppbygningen til setningane/syntaks er i orden) og vernar tydinga av den opphavlege setninga.

I statistisk maskinomsetjing blir det brukt store mengder med tekst til å lage språkmodellar og omsetjingsmodellar. Språkmodellen gjev t.d. sannsynet for at eit visst ord følgjer eit anna, medan omsetjingsmodellen gjev sannsynet for at eit visst ord blir omsett av eit anna (eller at ein viss frase blir omsett av ein annan, i frasebasert statistisk maskinomsetjing).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Apertium – ein maskinoversettelsesplatform med fri og opi kjeldekode

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]