Vekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå masse. For fleire tydingar, sjå tyngd.
Butikkvekt.

Ei vekt er eit instrument som skal kunne måle massen til ein lekam. Måleprosessen vert kalla veging frå verbet å vege. Måleresultatet vert kalla massen. Feilaktig vert instrument som måler krefter (i newton) òg ofte kalla vekter.

Instrumentet vekt blir hovudsakleg bygd opp på to forskjellige måtar, fjørvekt og skålvekt. Dei to målemetodane er grunnleggande forskjellige:

  • Fjørvekta finn krafta lekamen vert trekt mot jorda med eller tyngda til lekamen på staden der veginga føregår.
  • Skålvekta samanliknar massen til lekamen med ein referansemasse, som vert kalla lodd.

Sidan ein med veging oftast vil finne massen til lekamen, er det berre skålvekta som er prinsipielt korrekt. Fjørvekta ville vise heilt andre resultat på månen og har nokre små avvik på jorda; ca. 0,5 % skilnad mellom polane og ekvator.

Måling av masse med likearma skålvekt[endre | endre wikiteksten]

Ei apotekarvekt er ei likearma skålvekt.
Definisjon
\mathrm{Masse}\cdot\mathrm{gravitasjon} = \mathrm{referansmasse}\cdot\mathrm{gravitasjon}

dvs.

\mathrm{Masse} = \mathrm{referansmasse}

Med skålvekter veg ein ein lekam ved at ein likearma vektbjelke vert utbalansert av fleire lodd med kjende massar. Storleiken til gravitasjon er likegyldig og eim måler tilhøvet mellom kreftene (eining Newton) som dei to massen (den ukjente massen og ein kjent referansemasse) vert trekt til jorda med. Ved å samanlikna desse kreftene finn ein så den ukjente massen, med eining kg. Noko gravitasjon må det derimot vere til stades for at skålvekta skal fungere.

Masse kan òg målast uten gravitasjon, ut frå Newton si andre lov:

f=ma,

der f er krafta som verkar på lekamen, m er massen til lekamen og a er akselerasjonen til lekamen.

Måling av masse med ulikearma skålvekt[endre | endre wikiteksten]

Ein ulikearma skålvekt der referansmassen kan flyttast.
Definisjon
\mathrm{Masse}\cdot\mathrm{gravitasjon}\cdot\mathrm{armlengd_1}=\mathrm{referansmasse}\cdot\mathrm{gravitasjon}\cdot\mathrm{armlengd_2}

dvs.

\mathrm{Masse}=\mathrm{referansmasse}\cdot\frac{\mathrm{armlengd_2}}{\mathrm{armlengd_1}}

Slike skålvekter vert ofte kalla for bismer og var ofte å sjå i tidlegare handel. På eit bismer kan opphengingspunktet eller referansemassen flyttast inntil ein oppnår balanse. Massen til lekamen blir så utrekna.

Måling av masse med fjørvekt[endre | endre wikiteksten]

Ei enkel fjørvekt.
Definisjon
\mathrm{Kraft}=\mathrm{masse}\cdot\mathrm{gravitasjon}

Med ei fjørvekt måler ein tyngda til ein lekam ved at ei elastisk fjør vert deforma av krafta som lekamen får i gravitasjonsfeltet til jorda. Deformasjonen er lineært avhengig av krafta som verkar på fjøra. Det som målast er difor ei kraft og ikkje eigentleg ein masse. Krafta er proporsjonal til produktet av gravitasjonskrafta til jorda og massen til lekamen. Krafta blir likevel ikkje gjeve i N, men i kg sidan skalaen er forfalska og har som vilkåar at tyngdekrafta til jorda er ein fast storleik på 9,81 m/s².

Moderne digitale kjøkken- og personvekter er fjørvekter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vekt