Massif des Cerces

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cerces-massivet sett frå nord

Massif des Cerces er eit område i dei franske Alpane på grensa mellom Frankrike og Italia. På den franske sida høyrer fjellkjeda til departementa Hautes-Alpes og Savoie.

Massivet består av fleire mindre fjellkjeder, som Mont Thabor, Grand Galibier, Mont Chaberton og Rois Mages. Det grensar til Vanoise-massivet i nord, Massif du Mont-Cenis i nordaust, Dei cottiske Alpane i aust, Massif du Queyras og Massif des Écrins i sør, og Massif d'Arvan-Villards i vest.

Fjellkjeda grensar i nord til elva Arc i Mauriennedalen, og til elva Guisane i sør.

Høgste fjelltoppane[endre | endre wikiteksten]

Skistader[endre | endre wikiteksten]