Matpakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brødskive med pålegg innpakka i papir er ein kjend norsk matpakke.
Foto: Kristin

Matpakke eller niste er ferdig tilreidd mat som er teke med heimefrå til mellom anna arbeid, skole eller på tur. Som regel er det føremiddagsmat eller lunsj ein et frå ein matpakke.

Ein typisk norsk matpakke består ofte av påsmurte brødskiver som er pakka inn i matpapir eller ein matboks. Vanlege pålegg å smørje på brødskiver er brun- og kvitost, prim, jordbær- og bringebærsyltetøy, skinke, salami, spekepølse, leverpostei og sjokoladepålegg. Liknande brødmat er vanleg i Storbritannia og USA.

Bentoboks, ein japansk matpakke.
Foto: Kazuh

Nokre stader kan ein ta med seg meir middagsaktige måltid i ein matpakke. I Japan har ein til døme tradisjonen med bento, ein boks med fråskilte rom der ein kan legga mange appetittvekkande matbitar. I den indiske storbyen Mumbai er det vanleg å senda eit varmt måltid heimefrå i metallboksar kalla dabba, som så blir frakta til arbeidsplassen i det sinnrike dabbawalla-systemet.

I Noreg blir matpakke sett på som ein særskild nasjonal tradisjon. «Matpakke» var eitt av orda som kom til finalen i val av nasjonalord på fjernsynsprogrammet Typisk norsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]