Maurice René Fréchet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frechet.jpeg

Maurice René Fréchet (2. september 18784. juni 1973) var ein fransk matematikar.

Han vart professor i mekanikk i Poitiers i 1910, og i matematisk analyse i Strasbourg frå 1919. Frå 1928 til 1949 var han professor ved Sorbonne i Paris. Fréchet har hovudsakleg medverka til utviklinga av den generelle eller mengdeteoretiske topologien. Dei samla framstillingane hans finst i boka Les Espaces abstraits (1928). Fréchet arbeidde òg med sannsynsrekning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]