Mawsonhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mawsonhavet is located in Antarktis
Mawsonhavet
Mawsonhavet (Antarktis)

Mawsonhavet er eit randhav i Sørishavet utanfor kysten av Queen Mary Land i Aust-Antarktis mellom Shackleton isbrem i vest og Vincennes Bay i aust. Vest for havet, på vestsida av Shackleton isbrem, ligg Davishavet. I aust ligg Bowman Island og Vincennes Bay.

To store isbrear munnar ut i Mawsonhavet: Scott Glacier og Denman Glacier. Kalving frå Denman Glacier ut i Mawsonhavet gjer at Pobeda Ice Island stundom dukkar opp.

Havområdet er kall opp etter den australske polfararen Douglas Mawson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 65°00′S 105°00′E