Sørishavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørishavet

Sørishavet er det sørlegaste verdshavet. Det går nordover frå kysten av Antarktis til 60 °S[1] , der det møter Stillehavet, Atlanterhavet, og Det indiske havet. Sørishavet er det nest minste av dei fem verdshava, berre Nordishavet er mindre.

Geografar er usamde om kvar den nordlege grensa til Sørishavet går, eller om ho eksisterer i det heile, og mange reknar havet i staden som ein del av anten Stillehavet, Atlanterhavet eller Indiahvet. Enkelte reknar òg Den antarktiske konvergensen, eit havområde som flyttar seg med årstidene, som grensa mellom Sørishavet og dei andre hava, i staden for den 60. breiddegraden.[2]

International Hydrographic Organization (IHO) har enno ikkje ratifsert ein definisjon frå 2000 av havgrensa ved 60 °S. Den siste publiserte definisjonen for verdshava er frå 1953, men denne omfattar ikkje Sørishavet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sørishavet omfattar Sørishavsstraumen (som krinsar rundt Antarktis) og delar av Drakesundet, ein del av Scotiahavet, Weddellhavet, Kong Haakon 7 Hav, Lazarevhavet, Riiser-Larsenhavet, Kosmonauthavet, Cooperation-havet, Davishavet, Mawsonhavet, D'Urvillehavet, Somovhavet Rosshavet, Amundsenhavet og Bellingshausenhavet (i rekkefølgje med klokka).

Sørishavet skil seg frå andre havområde ved at den største grensa, nordgrensa, ikkje grensar til noko landmasse, men flyt over i Atlanterhavet, Indiahavet og Stillehavet. Dette gjer at ein har stilt seg spørsmål om kvirfor Sørishavet bør reknast som eit eigen hav, i staden for å trekkje grensa til dei tre andre hava sørover. Ei årsak er at mykje av vatnet i Sørishavet skil seg frå vatnet i andre hav. Fordi Sørishavsstraumen transportert vatnet forholdsvis raskt, har til dømes vatnet sør for New Zealand meir til felles med vatnet sør for Sør-Amerika enn vatnet i Stillehavet.

Fleire prosessar langs kysten av Antarktis skapar vassmassar som ein ikkje finn i dei andre hava på Den sørlege halvkula. Ei av desse vassmassane er antarktisk botnvatn, eit særs kaldt, salt og tungt vatn som dannar seg under havisen.

Sørishavet er geologisk sett det yngste av verdshava og vart danna då Antarktis skilde seg frå Sør-Amerika og Drakesundet opna, for kring 30 millionar år sidan. Skiljinga gjorde at Sørishavsstraumen sette i gang.

Definisjonar[endre | endre wikiteksten]

Dette kartet over Australia syner Sørishavet som ligg like sør for Australia.

Forskjellige organisasjonar og nasjonar har forskjellige syn på omfanget og eksistensen til Sørishavet, sjølv om mange sjøfolk lenge har rekna namnet som tradisjonelt.

Den andre utgåva av Limits of Oceans and Seas, publisert av International Hydrographic Organization (IHO) i 1937, finst det ein definisjon av eit hav kring Antarktis. Dette havet finst ikkje i den tredje utgåva frå 1953 fordi «nordgrensa ... er vanskeleg å fastsetje på grunn av endringar gjennom året» - i staden strekte Atlanterhavet, Indiahavet og Stillehavet seg sørover.[3]

IHO kom attende til problemstillinga i ei kartlegging i 2000. Av dei 68 medlemslanda svarte 28 land, og alle utanom Argentina vart samde om å definere eit nytt hav basert på kor viktig havstraumen er. Forslaget Sørishavet (Southern Ocean) vann med 18 stemmer over det alternative Antarktishavet. Halvparten av stemmene støtta å definere den nordlege grensa til 60 °S (det finst ingen land på denne breiddegraden), medan dei andre 14 stemte for andre definisjonar, stort sett 50°S, men enkelte så langt nord som 35°S. Den fjerde utgåva av Limits of Oceans and Seas vart aldri ratifisert eller publisert på grunn av reservasjonar frå Australia,[4], så den tredje utgåva gjeld framleis.

Trass i dette er den fjerde utgåva i røynda i bruk av mange organisasjonar, forskarar og narsjonar - til og med IHO.[5] Somme nasjonale hydrografiske organisasjonar har definert sine eigne grenser. Storbritannia nyttar til dømes 55°S[3].

Andre kjelder som National Geographic Society syner framleis Atlanterhavet, Stillehavet og Indiahavet heilt sør til Antarktis, sjølv om artiklar i National Geographic har byrja å omtale Sørishavet.

I Australia har kartografar definert Sørishavet som heile vassområdet frå sørkysten av Australia og New Zealand til Antarktis, sjølv om newzealandske styresmakter ikkje følgjer denne definisjonen.[6] Kystkart av Tasmania og Sør-Australia markerer sjøområda som Sørishavet,[7] while Cape Leeuwin i Vest-Australia er skildra som grensa der Indiahavet og Sørishavet møter kvarandre.[8]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sørishavet ligg på den sørlege halvkula. Den typiske djupna er mellom 4 000 og 5 000 m i dei fleste områda, med berre mindre område med grunnare farvatn. Den antarktiske kontinentalsokkelen verkar generelt smal og uvanleg djup og kanten ligg på djupner opp til 800 meter, samanlikna med det globale gjennomsnittet på 133 m.

Frå jamdøgn til jamdøgn i lag med variasjonen til sola gjennom året, svingar pakkisen i Antarktis frå eit gjennomsnittleg minimum på 2,6 million kvadratkilometer i mars til kring 18,8 millionar kvardratkilometer i september, meir enn sju gonger større.

Sørishavsstraumen flyttar seg austover — og med ei lengd på 21 000 km er han den lengste havstraumen i verda, og transporterer 130 millionar kubikkmeter vatn per sekund — 100 gonger vassføringa til alle elvane i verda.

Den største djupna i Sørishavet er 7 236 meter ved sørenden av Sør-Sandwichgropa, ved 60°00'S, 024°W.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Havtemperaturen varierer frå kring −2 til 10 °C. Ekstratropiske syklonar flyttar seg austover kring kontinentet og vert ofte intense stormar på grunn av temperaturkontrasten mellom isen og det opne havet. Havområdet frå kring 40 ºS til Den antarktiske polarsirkelen har dei kraftigaste middelvindane nokon stad på jorda. Om vinteren frys havet utover til 65 ºS i Stillehavssektoren og 55 ºS i Atlanterhavssektoren, og fører overflatetemperaturen til godt under null grader Celsius. Somme stader fører kraftige drenasjevindar frå det indre av Antarktis til at kystlinja er isfri sjølv om vinteren.

Skyar over Sørishavet.
Skyar over Sørishavet.

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Naturlege farar[endre | endre wikiteksten]

Isfjell kan drive rundt i havet til alle tider av året. Somme er fleire hundre meter på tvers, mindre isfjell, bitar av isfjell og havis, (vanlegvis 0,5-1 m tjukk) er òg problem for skipsfarten i området. Den djupe kontinentalsokkelen har ein botn av glasiale avsetningar som varierer stort over korte avstandar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Geography - Sørishavet». CIA Factbook. https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/oo.html. Henta 21. januar 2014. "... the Sørishavet has the unique distinction of being a large circumpolar body of water totally encircling the continent i Antarktis; this ring of water ligg mellom 60 degrees sør latitude and kysten av Antarktis i Sør encompasses 360 degrees of lengdegrad." 
  2. Pyne, Stephen J.; The Ice: A Journey to Antarctica. University of Washington Press, 1986. (A study i Antarktis's exploration, earth-sciences, icescape, esthetics, literature, and geopolitics)
  3. 3,0 3,1 «Limits of Oceans and Seas, 3rd edition». International Hydrographic Organization. 1953. http://www.iho-ohi.net/iho_pubs/standard/S-23/S23_1953.pdf. Henta 7 februar 2010. 
  4. Darby, Andrew (22 desember 2003). «Canberra all at sea over position of Sørishavet». The Age. 
  5. «Proposal for the preparation of a new International Bathymetric Chart av Sørishavet». International Hydrographic Organization. 10 September 2003. http://www.iho.shom.fr/REG_HYD_COM/HCA/HCA3/HCA3-6.3B_Report_on_IBCSO.pdf. Henta 7 januar 2010. 
  6. «InfoMap: Asia, South-East; Pacific, South-West» (JPEG). http://www.linz.govt.nz/docs/placenames/se-asia.jpg. 
  7. Til dømes: Chart Aus343: Australia South Coast - South Australia - Whidbey Isles to Cape Du Couedic, Australian Hydrographic Service, 29 June 1990, http://www.hydro.gov.au/webapps/jsp/charts/charts.jsp?chart=Aus343&subchart=0, henta 24. februar 2014 , Chart Aus792: Australia - Tasmania - Trial Harbour to Low Rocky Point, Australian Hydrographic Service, 18 July 2008, http://www.hydro.gov.au/webapps/jsp/charts/charts.jsp?chart=Aus792&subchart=0, henta 24. februar 2014 
  8. «- Assessment Documentation for Cape Leeuwin Lighthouse». Register of Heritage Places. 13 mai 2005. p. 11. http://register.heritage.wa.gov.au/PDF_Files/00104%20Cape%20Leeuwin%28P-AD%29.PDF. Henta 24. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sørishavet

Koordinatar: 70°S 150°W