Meginhufr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Meginhufr er eit bord i skipsskroget til vikingskip, med særleg styrke og utforming. Ordet finn ein i gammalnorsk med tyding ‘det sterke eller mektige bordet’. I Osebergskipet finn ein det i overgangen mellom botn og skipsside.

På Osebergskipet, og andre av dei første skipa ein veit hadde segl, sluttar banda i vasslinja. Skroget vart difor forsterka med bjelkar og krumvaksne kne. Knea ver spikra ned i bjelkane, og i det sterke bordet meginhufr, som på Osebergskipet ligg i 10. omfaret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]