Melas Chasma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein del av Melas Chasma fotografert av Mars Express
Datagenerert perspektivsyn på ein del av Melas Chasma

Melas Chasma er ei djup og vid kløftMars og ein del av Marinerdalane.

Delar av Melas Chasma når kring 9 kilometer under nivået til platået like ved, noko som svarar til 5 kilometer under nullhøgda på Mars. Dette gjer Melas Chasma til ein av dei lågaste stadene på Mars.

Det finst avsetjingar i Melas Chasma som ser ut til å ha vore avsett av anten flytande vatn, vassis eller gjørme.

Rett aust for Melas Chasma ligg Ius Chasma, og rett vest ligg Coprates Chasma. I nord ligg Candor Chasma. I sørvest ligg Sinai Planum.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kart hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature (kartbladet «MC-18 Coprates»)