Mars Express
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mars Express er ein europeisk romsonde som går i bane rundt planeten Mars. Han er den første Mars-sonden til Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA). Han blei skoten opp 2. juni 2003, og har kretsa i bane rundt Mars sidan 25. desember 2003. Romsonden brakte med seg ein liten landingssonde, kalla Beagle 2, som skulle lande på Mars den 26. desember 2003 for å leite etter liv. Sonden gav aldri lyd frå seg og blei meldt tapt den 6. februar 2004 av ESA.
Frå Mars-banen skal Mars Express undersøke overflata og atmosfæren på Mars. Romsonden skal:
- leite etter teikn på vatn, ned til nokre kilometer under overflata
- kartlegge overflata på Mars meir nøyaktig enn tidlegare
- slå fast samansetnaden til overflata
- slå fast tettleiken og samansetnaden til atmosfæren
- studere kva påverknad solvinden har på planeten.