Valles Marineris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valles Marineris skjer gjennom eit stort område på Mars

Valles Marineris (latin for Marinerdalen er eit dalsystem på planeten Mars. Det blei namnsett etter romsonden Mariner 9 som oppdaga det i 1971. Dalen er ein enorm riftdal som til dels kan samanliknast med riftdalen i Afrika i opphav og storleik. I tillegg er dalen på Mars pynta på av katastrofeflaumar og ras. Valles Marineris er 4000 km lang og er opp til sju km djup. Breidda er opp til 200 km.

Juvet går frå Noctis Labyrinthus-området i vest til det kaotiske terrenget i aust. Dei fleste forskarane er samde om at Valles Marineris er ein stor tektonisk «sprekk» i skorpa på Mars. Dalen blei danna medan planeten kjøla seg ned, påverka av hevinga av skorpa i Tharsis-området i vest og seinare utvida av erosjonsprosessar. Nær dei austlege utkantane er det enkelte kanalar som der ut til å ha blitt danna av vatn.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!