Mengzi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mengzi[1] (truleg 372289 fvt.), , var ein kinesisk lærd og filosof, og ein av dei mest framtredande tenkjarane innan konfutsianismen. Han skal ha reist rundt i Kina i førti år for å gje råd om reformer til herskarar, og tjenestegjorde i statsdanninga Qi frå 319312 fvt.

Mengzi hevda at mennesket var grunnleggjande godt og at det var den negative innverknaden frå samfunnet som resulterte i ein dårleg moralsk karakter. Han argumenterte for at det var akseptabelt for folket å kasta og jamvel drepa ein leiar som oversåg folket sine behov og herska med hard hand. Mengzi meinte at mennesket er fødd med ein moralsk sans som har vorte korrumpert av samfunnet, og at målet for moralsk kultivering er å venda attende til denne medfødde moralske sansen.

Mengzi si tolking av konfusianismen har av seinare kinesiske filosofar vorte rekna å vera den ortodokse tolkinga. Boka Mengzi (også Mencius og Meng-tzu), som inneheld samtalar mellom Mengzi og herskarar i dåtidas Kina, er ei av dei fire bøkene i konfutsianismen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Også kjend som Menzi, Meng Ke og under den latinske namneforma Mencius

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]