Menora
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utanfor Knesset står det ei statue forma som ein menora.
Menoraen (hebraisk: מנורה) er eit av de eldste symbol vi forbinder med jødedomen. Ein menora er ein sjuarma lysestake som var nytta i tempelet. Menoraen vart tent av yppersteprestane i tempelet kvar morgon. Yppersteprestane hadde bytta ut den brukte veika og lagt i ny og rein olivenolje. Menoraen brann kontinuerleg.
I synagoger i dag er det ein lampe kalla "Ner Tamid" - det evigvarande lys - som er tent heile tida. Dette lyset symboliserer Menoraen som stod i tempelet.
Den niarma lysestaken som brenn på Hanukka er ofte forma som menoraen, fordi Hanukka vert feira til minne om mirakelet med menoraens olje som varte i åtte dagar.
Israel har tatt i bruk ein menorá omgjeven av to olivenblad på sitt riksvåpen.
- Denne artikkelen bygger på «Menora» frå Wikipedia på bokmål, den 6. januar 2009.