Mente

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mente er eit tal som ein under addisjon av fleirsifra tal må ha «i minne» kvar gong summen av ein sifferkolonne er lik eller større enn ti. Ein fører nemleg berre einarane i denne summen i sluttsvaret, og har tiarane i «i minne» til neste sifferkolonne. Døme:

     2 2 1
    4893
+  6786
+  3998
= 15667

Mentane er skrivne med lita skrift øvst.

I daglegtale vert uttrykket nytta for å ha nok i(n) mente om å huske noko eller ha noko «i bakhovudet».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]