Mercury Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fargebilete teke av NASAs Terra satellitt, 23. oktober 2002. Mercury Islands er så vidt synlege oppe til høgre, nordaust for Coromandelhalvøya

Mercury Islands (Merkurøyene)er ei øykjede som ligg utanfor nordaustkysten til NordøyaNew Zealand. Dei ligg åtte km utanfor kysten til Coromandelhalvøya, og 35 km nordaust for byen Whitianga.

Øykjeda består av den store Great Mercury Island (også kjend som Ahuahu) i vest, Red Mercury Island i aust, og fem mykje mindre øyer mellom desse to. Berre den største av øyene er busett, dei andre er delar av eit naturreservat. Sør for desse øyene ligg talrike små øyer norm for innmunninga til Mercury Bay. Ei einsam øy, Cuvier Island, ligg 15 km nord for Great Mercury Island, men denne øya er normalt ikkje rekna som ein del av Mercury Island-gruppa. Great Mercury Island er restane av ein ryolittvulkan frå pliocentida.

Great Mercury Island er eigd av Michael Fay, ein tidlegare framståande newzealandsk forretningsmann som no er busett i Sveits. Øygruppa vert enno ein gong i mellom omtala med det tidlegare namnet sitt, Iles d'Hausse.

Referanse[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 36°35′S 175°55′E