Pliocen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hendingar i kenozoikum
sjå • diskuter • endre
-65 —
-60 —
-55 —
-50 —
-45 —
-40 —
-35 —
-30 —
-25 —
-20 —
-15 —
-10 —
-5 —
0 —
Første isbrear på Antarktis[1]
Holocen starta for 11 500 år sidan.
Ein tilnærma tidsskala for hendingar i kenozoikum.
Skala: Millionar år sidan

Pliocen er ein epoke som strekkjer seg frå 5,332 millionar til 1,806 millionar år sidan. Han er den andre epoken i perioden neogen i kenozoikum. Pliocen kjem etter epoken miocen og før pleistocen.

Pliocen vart namngjeve av Sir Charles Lyell. Namnet kjem frå dei greske orda πλεῖον (pleion, «meir») og καινός (kainos, «ny») og tyder om lag «meir nyleg» og refererer til dei forholdsvis moderne molluskane.

Som for andre geologiske periodar er berglaga som definerer starten og slutten på epoken godt definerte, men dateringa er noko usikker. Det finst ikkje ei globale grense for starten av pliocen og dette vert definert regionalt mellom den varmare miocen og den relativt kjøligare pliocen. Den øvre grensa vart sett til starten av isbredanninga i pleistocen. Det har nyleg vorte føreslått å sette den øvre grensa til 1,8 millionar år sidan,[3] men dette er omstridd.

Astronomen Narciso Benítez ved Johns Hopkins University og laget hans meiner at det kan ha vore ein supernova som var årsaka til at mange sjødyr døydde ut ved grensa mellom pliocen og pleistocen, og at dette førte til at ozonlaget vart brote ned.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Pliocene er delt inn i aldrane frå yngst til eldst:

Gelasium (2,588–1,806 millionar år sidan
Piacenzium (3,600–2,588 millionar år sidan)
Zancleum (5,332–3,600 millionar år sidan)

Dei første to aldrane utgjer sein pliocen, medan zancleum er den einaste alderen i tidleg pliocen. Piacenzium vert stundom uformelt kalla mellompliocen.

I Nord-Amerika, California, Australia, Japan og New Zealand vert stundom andre inndelingar og namn nytta.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet vart kjøligare og tørrare, og med årstider som minna om moderne klima. Iskalotten voks i Antarktis gjennom pliocen. Kontinentet var heilt dekt med is i starten av pliceon. Danninga av iskalotten rundt Arktis for rundt 3 millionar år sidan er markert med ei brå endring av oksygenisotop-forhold og isdroppa steinblokker i Nord-Atlanteren og Nord-Stillehavet.[4] Isbrear på midlare breiddegrader hadde truleg oppstått mot slutten av epoken. Den globale nedkjølinga førte til at skogar forsvann og at grassletter og savanner spreidde seg.[5]

Paleogeografi[endre | endre wikiteksten]

Kontinenta flytta seg mot sine noverande posisjonar, truleg frå så langt borte som 250 km til om lag 70 km frå sine noverande posisjonar. Sør-Amerika kolliderte med Nord-Amerika ved Panamaeidet under pliocen og førte til store endringar i faunaen på kontinentet. Då eidet oppstod fekk det store konsekvensar for den globale temperaturen, sidan den varme ekvatoriale havstraumen vart lukka og ein atlantisk avkjølingssyklus starta, der kaldt arktisk og antarktisk vatn førte til fall i temperaturane i det no isolerte Atlanterhavet.

Afrika kolliderte med Europa og Middelhavet oppstod, og restane av Tethyshavet forsvann heilt.

Endringar i havnivå skapte ei landbru mellom Alaska og Asia.

Framskot av marine bergartar frå pliocen finn ein i Middelhavet, India og Kina. Elles er dei stort sett funne nær kysten.

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Det kjøligare og tørrare klimaet med årstider hadde stor innverknad på vegetasjonen i pliocen, og dei tropiske artane vart reduserte. Lauvskogar spreidde seg raskt og barskog og tundra dekte det meste av områda i nord, medan grasslettene spreidde seg til alle kontinent (bortsett frå Antarktis). Tropiske skogar vart avgrensa til eit smalt band rundt ekvator og i Asia og Afrika dukka tørre savanner og ørkenar opp.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Både land- og sjødyra var forholdsvis moderne, men landdyra var noko meir primitive enn i dag. Dei første gjenkjennelege homininiar dukkar opp i pliocen, den såkalla australopithecine.

At store landmassar samla seg førte til at stor utvandring og blanding av tidlegare isolerte dyreartar. Planteetarane vart større, og det same gjorte spesialiserte rovdyr.

Pattedyr[endre | endre wikiteksten]

I Nord-Amerika treivst gnagarar, store mastodontar og gomphotherium og pungrotter, medan det vart færre hovdyr, som kamel, hjort og hest. Nashorn, tapirar og ar continued successfully, while hoofed animals (ungulates) declined, with camel, deer og horse all seeing populations recede. Rhinos, tapirs og chalicotherar døydde ut. Kjøtetarar som røyskattfamilien, samt hundar og kjappe bjørnar vart mangfaldige. Dovendyr, store glyptodontar og beltedyr kom nordover då Panamaeidet oppstod.

I Eurasia gjorde gnagarane det bra, medan primatane vart færre. Elefantar, gomphotherar og stegodontar treivst i Asia, og grevlingar vandra nordover frå Afrika. Hestane var mindre mangfaldige, medan tapirar og nashorn treivst godt. Kyr og antiloper gjorde det godt, og enkelte kamelartar flytta seg inn i Asia frå Nord-Amerika. Hyener og tidlege sabeltannkattar dukka opp, og slo seg saman med andre rovdyr som hundar, bjørnar og røyskattar.

Mennesket sin evolusjon under pliocen

Afrika var dominert av hovdyr og primatar held fram utviklinga si med australopithecine (nokre av dei første hominidane) dukka opp i sein pliocen. Gnagarar treivst og elefantbestandane auka. Kyr og antiloper vart meir mangfaldige og vart meir talrike enn grisar. Tidlege sjiraffar dukka opp og kamelar vandra via Asia frå Nord-Amerika. Hestar og moderne nashorn dukka opp. Bjørnar, hundar og røyskattar (opphavleg frå Nord-Amerika) levde side om side med kattar, hyenar og desmerkatt som afrikanske rovdyr og tvinga hyenar til å tilpasse seg som spesialiserte åtseletarar.

Sør-Amerika vart invadert av dyr frå Nord-Amerika for første gong sidan krittida og nordamerikanske gnagarar og primatar blanda seg med dei sørlege formene. Litopternar og notoungulatar var opphavleg frå Sør-Amerika og klarte seg godt. Små røyskatt-liknande kjøtettarar som mårdyr og nesebjørnar vandra nordover. Dei beitande glyptodontane, store dovendyr som levde på bakken og mindre beltedyr klarte seg òg godt.

Pungdyr var framleis det dominerande pattedyret i Australia, samt planteetarar som vombat, kenguru og den store pungelefanten. Kjøtetande pungdyr som dasyuridar, den hunde-liknade thylacinen og den katteliknande thylacoleoen jakta i Australia. Dei første gnagarane kom til kontinentet, medan flaggermus gjorde det bra. Moderne nebbdyr, eit kloakkdyr, dukka opp.

Fuglar[endre | endre wikiteksten]

Titanis.

Rovfuglen phorusrhacids frå Sør-Amerika vart sjeldan i løpet av peiken, og av dei siste var titanis, ein stor phorusrhacid som vandra til Nord-Amerika og var av rovdyra øvst på næringskjeden der. Han hadde mellom anna klør, som hade gjenutvikla seg for å halde byttet, som hipparion.

Krypdyr[endre | endre wikiteksten]

Alligatorar og krokodillar døydde ut i Europa då klimaet vart kjøligare. Giftslangar vart meir mangfaldige etter kvart som gnagarane og fuglane utvikla seg.

Havet[endre | endre wikiteksten]

Hava var framleis relativt varme under pliocen, men dei heldt fram å kjøle seg ned. Iskalotten rundt Arktisk opstod og klimaet vart tørrare, medan kjølige havstraumar oppstod i Nord-Atlanteren. Djupe kalde havstraumar strøymde frå Antarktis.

Då Panamaeidet oppstod for om lag 3,5 millionar år sidan vart den siste resten av den ein gong så viktige circumekvatoriale havstraumen kutta av. Denne straumen hadde då eksistert sidan krittida og tidleg kenozoikum. Dette medverka til at havområda vart ytterlegare avkjølt verda over.

Av sjødyr i pliocen finn ein mellom anna sjøku, sel og sjøløve.

Supernova[endre | endre wikiteksten]

I 2002 oppdaga astronomar at for om lag 2 millionar år sidan, rundt slutten av pliocen, passerte ei gruppe lyse O- og B-stjerner kalla Scorpius-Centaurus OB-assosiasjonen mindre enn 150 lysår frå jorda og at ein eller fleire supernovaer kan ha oppstått i denne gruppe på denne tida. Ein slik eksplosjon kan ha øydelagd ozonlaget på jorda og ført til utrydding av liv i havet.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Zachos, J.C., Kump, L.R. (2005) «Carbon cycle feedbacks og the initiation of Antarctic glaciation in the earliest Oligocen» – Global og Planetary Change, bind 47, nr. 1, s. 51-66.
  2. Krijgsman, W., Garcés, M.; Langereis, C.G.; Daams, R.; Van Dam, J.; Van Der Meulen, A.J.; Agustí, J.; Cabrera, L. (1996) «A new chronology for the middle to late Miocen continental record in Spain» – Earth og Planetary Science Letters, bind 142, nr. 3-4, s. 367-380.
  3. Gradstein et al. (2004)
  4. Van Andel (1994), s. 226.
  5. The Pliocene epoch. University of California Museum of Paleontology. Vitja 28. august 2008.
  6. Comins & Kaufmann (2005), s. 359.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pliocen
Neogen
Kvartær
Pliocen Pleistocen Holocen
← Neogen | Gelasium Tidleg | Mellom | Sein  
Neogen
Miocen Pliocen Pleistocen Holocen
Aquitanium | Burdigalium
Langhium | Serravallium
Tortonium | Messinium
Zancleum | Piacenzium
(Gelasium)
Gelasium | Tidleg
Midtre | Sein
Boreal | Atlantisk