Mercury Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mercury Bay er ei stor, V-forma havbuktStillehavskystenen aust på CoromandelhalvøyaNew Zealand. Munningen til bukta er ti km vid, og den taggete kystlinja strekkjer seg over vel 20 km.

Sentralt i bukta ligg den vesle byen Whitianga, og ei naturleg hamn er danna av ein arm i bukta som strekkjer seg seks km inn i landet.

Fleire mindre øyer ligg ved den nordlege og den sørlege utstrekkinga til bukta, Mercury Islands ligg ti km mot nord.

Farvatna i bukta er godt eigna for sportsfiske, og fiskeslag som til dømes sverdfisk er å få i området. Havområdet her er også ein populær arena for segling.

Heilt aust på stranda Cook's Beach er ein liten varde med minnetavle over kaptein James Cook sitt besøk og observasjon av Merkurpassasjen i 1769.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 36°47′S 175°48′E

Spire Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.