Merkys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Merkys
Merkys og Neman renn saman i Merkinė
Merkys og Neman renn saman i Merkinė
Utspring 18 km sørvest for Ašmiany i Kviterussland
- Høgd 136 m
Munning Neman
Land i nedslagsfelt Litauen, Kviterussland
Lengd 203 km
Middelvassføring 21 m³/s (near Varėna)
Nedslagsfelt 4 416 km²

Merkys er ei elv sør i Litauen og nordlege område av Kviterussland. Meryks renn 13 km i Kviterussland, 5 km langs grensa mellom Kviterussland og Litauen og resten av dei 185 km gjennom Litauen før ho renn ut i Neman nær Merkinė. Elva får hovudsakleg vatn frå undergrunnsstraumar, og er derfor kjølig om sommaren. Dette gjer òg at vassnivået i elva ikkje varierer så mykje som andre elvar i Litauen. Nær Žagarinė (128 km før munningen) går det ein kanal frå Merkys til innsjøen Papys. Elva Vokė som renn ut frå innsjøen tar det meste av vatnet i Merkys vidare. Før kanalen er middelvassføringa i Merkys 3 m³/s og etter kanalen 0,7 m³/s.

På slutten av 1800-talet voks nedslagsfeltet til Merkys med 410 km², då sideelva Ūla overtok ein del av nedslagsfeltet til elva Kotra. Merkys er ein populær stad for turistar, sidan ho høyrer til Dzūkija nasjonalpark og renn saman med Neman nær historisk grunn ved Merkinė. Arkeologiske funn viser at folk budde her i mellomsteinalderen. Merkys er kjend for ein variert fauna. I 1974 vart det mellom anna oppretta ei laksereservoar i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]