Michael Rösch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Michael Rösch (fødd 4. mai 1983) i Zinnwald i Sachsen i DDR) er ein tysk skiskyttar, og olympisk meister på stafett frå OL i Torino i 2006.

Michael Rösch er son av tidlegare verdsmeister i skiskyting Eberhard Rösch, og begynte med skiskyting som 9-åring. Han er fire gonger juniorverdsmeister, tre gonger med det tyske stafettlaget og på sprinten i 2002/03. I verdscupavslutninga i Fort Kent i 2004 fekk han 6. plass på sprinten, men klarde ikkje eit like godt resultat i den påfylgjande sesongen. 16. desember 2005 fekk han sølv på sprinten i verdscuprennet i Brezno-Osrblie etter han dagen før hadde fått sin første verdscupmedalje med bronse på 20 km. 15. januar 2006 vann han sin første siger i eit verdscuprenn med eit spurtoppgjer mot Raphaël Poirée på jaktstarten i Ruhpolding. Dagen før hadde han fått sølvmedalje på sprinten.

I OL i Torino i 2006 deltok han i sitt første OL, og var med å ta gull med det tyske stafettlaget.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(pr. 28. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • Beste plassering: 49. plass (2004/05)
  • Olympiske leikar:
    • 1 gull (Beste individuelle plassering: 10. plass (fellesstart, Torino 2006).
  • Verdscuprenn:
    • 1 gull, 2 sølv, 2 bronse