Sachsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Hovudstad | Dresden | ||
| Flatevidd
- Rangering i Tyskland |
18 416 km² 10. |
||
| Folketal (2006) - Rangering i Tyskland |
4 250 131 6. |
||
| Grunnlagd | 1918 (Fristaten Sachsen) | ||
| Offisielle språk | Tysk, òg sorbisk i enkelte krinsar | ||
| Ministerpresident | Stanislaw Tillich (CDU) | ||
| Nettstad | http://www.sachsen.de | ||
|
|||
Fristaten Sachsen (tysk: Freistaat Sachsen, sorbisk: Swobodny Stata Sakska) er ein tysk delstat. Hovudstaden er Dresden, arealet er 18 416 km² og folketalet 4 250 131 (2006). Sachsen ligg nord for det tsjekkiske landskapet Böhmen og grensar til den polske delen av Nedre Schlesien, til Bayern, Thüringen, Sachsen-Anhalt og Brandenburg. Sachsen har ein meir enn tusenårig historie som hertugdømme, kurfyrstedømme og kongerike. I 1918 vart Kongeriket Sachsen omdanna til Fristaten Sachsen. Fristaten vart oppløyst under kommunisttida da den hamna i DDR. Han vart gjenoppretta i 1990 innanfor hovudsakleg dei same grensene som før.
|
|
|---|
| Baden-Württemberg · Bayern · Berlin · Brandenburg · Bremen · Hamburg · Hessen · Mecklenburg-Vorpommern · Niedersachsen · Nordrhein-Westfalen · Rheinland-Pfalz · Sachsen · Sachsen-Anhalt · Saarland · Schleswig-Holstein · Thüringen |