Michelinguiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Michelinguiden, òg kalla Guide Michelin eller Guide Rouge, er ein serie med bøker med raudt omslag som vert gjevne ut årleg av Michelin. Serien inneheld mellom anna tilrådingar av gode resturantar og hotell. Noreg er ein del av den engelsksprålige delen Michelin Hotels and restaurants - Main cities of Europe, som kjem ut i mars kvart år. Guiden vart gjeven ut første gongen i 1900 i Frankrike av brørne André og Edouard Michelin for å hjelpe bilistar å finne vegen, få service til bilen og eit hotell å sove på.

Guiden er best kjend for å gi fine restaurantar éin, to eller tre stjerner. Dette blir gjort ved at inspektørar vert sendt ut i løyndom for å bedømme smaken og kvaliteten på maten, samt personalet sin kunnskap og opptreden. Å ha éi eller fleire stjerner vert rekna som høg status i restaurantbransjen.

Stjerneverdiar[endre | endre wikiteksten]

  • éi stjerne - «Ein svært bra restaurant i sin kategori»
  • to stjerner - «Usedvanleg bra matlaging, verdt ein omveg»
  • tre stjerner - «Utruleg bra kjøken, verdt ei eiga reise»
Stjernerestaurantar i Noreg (2011)[1] Tal stjerner
Feinschmecker, Oslo *
Le Canard , Oslo *
Restaurant Oscarsgate, Oslo *
Statholdergaarden, Oslo *

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Verdens Gang. Vitja 17. mars 2011.