Mick Green

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mick Green
Fødd22. februar 1944(1944-02-22)
FødestadMatlock i Derbyshire
Død11. januar 2010 (65 år)
DødsstadIlford i Essex
FødenamnMichael Robert Green
OpphavStorbritannia
Aktiv1956–2010
SjangerRock and roll
InstrumentFender Telecaster Custom
Tilknytte artistarJohnny Kidd & the Pirates
Van Morrison
Verka somGitarist

Michael Robert Green (22. februar 194411. januar 2010)[1] var ein engelsk rock and roll-gitarist som spelte med The Pirates (med og utan Johnny Kidd), Billy J. Kramer and the Dakotas og Cliff Bennett and the Rebel Rousers.

I 1980- og 1990-åra spelte Green med mange andre artistar, som Bryan Ferry, Van Morrison, Paul McCartney, Robert Plant og Lemmy, i tillegg til The Pirates, som han fortsette å spele konsertar med til godt inn i 2000-åra.

Mick Green døydde av hjartesvikt 11. januar 2010 på King George Hospital i Ilford i Essex.

27. november 2010 vart det halde ein minnekonsert for han på 100 Club med mellom andre The Animals og The Wilko Johnson Band.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Official Mick Green website». Mickgreen.co.uk. Arkivert frå originalen 16. oktober 2018. Henta 25. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]