Paul McCartney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paul McCartney
Paul McCartney on stage in Prague.jpg
Paul McCartney på scenen i Praha, 2004.
Verkeleg namn James Paul McCartney
Fødd 18. juni 1942 (72 år)
Liverpool i England
Instrument Bass, gitar, piano, keyboard, trommer, mandolin
Sjanger Rock, poprock, psykedelisk rock, eksperimentell rock, rock and roll
Aktive år 1957 til i dag
Yrke Låtskrivar, musikar, skodespelar
Tilknytt artistar The Beatles, The Fireman, The Quarrymen, Wings
Plateselskap Hear Music
Apple Records
Parlophone Records
Capitol Records
CBS Records
EMI Music Group
Nettside www.paulmccartney.com
Kjende instrument
Hofner 500/1
Rickenbacker 4001S
Gibson Les Paul
Epiphone Casino
Fender Jazz Bass

Sir James Paul McCartney (MBE, 1965) (fødd 18. juni 1942 i Liverpool i England) er ein britisk bassist, låtskrivar, songar, gitarist og pianist.

Han var medlem av The Beatles (1957–70) og Wings (1971–80). Han starta som gitarist i The Quarrymen (som seinare endra namn til The Silver Beatles og The Beatles), men overtok bassen da Stuart Sutcliffe slutta i bandet. I tillegg til å spele bass i The Beatles (og ved ulike høve òg gitar, piano, synthesiser og slagverk) stod McCartney, saman med John Lennon for det meste av vokalinnslaga og låtskrivinga i gruppa.

Paul McCartney står oppført i Guinness rekordbok som den mest framgangsrike komponisten innanfor moderne populærmusikk. Slår ein saman arbeidet hans med og utanfor The Beatles har McCartney skrive over 50 hittar. Det er langt meir ein kva nokon anna komponist kan vise til.

Universell songbok[endre | endre wikiteksten]

Paul McCartney under Live 8-konserten. 10. september 2004.

Paul McCartney og John Lennon skreiv ikkje berre det meste av musikken for The Beatles, men skapte òg ei heil songbok, som umiddelbart kan tene til å sameine folk, uansett kor ein er i verda, i allsong. Songane som Lennon og McCartney skreiv for The Beatles bar alltid begge sine namn, sjølv om den eine skulle ha vore aleine om komposisjonen. Nokre gonger sette dei seg ned saman og skapte nye songar, andre gonger kom dei saman og hadde nokre delar av songar kvar som dei sette saman til fullstendige songar. Mange av McCartney sine komposisjonar frå denne perioden, inkludert «Hey Jude», «Yesterday» og «Let It Be», høyrer til populærmusikken sitt standardrepertoar og vert ofte nytta dersom ulike artistar med ulik bakgrunn og vidt forskjellige musikalske uttrykk skal samlast på scenen for framføre eit felles avslutningsnummer. Desse songane har dermed fått ein heilt spesiell plass i nyare musikkhistorie.

Banebrytande og kreativ[endre | endre wikiteksten]

Beatlesmusikken var i starten med ei slags blanding av amerikansk rock and roll, britisk folkemusikkbasert skiffle, moderne jazz og blues, men utkrystalliserte seg til noko som fekk namnet merseybeat, etter distriktet der Liverpool ligg. Det som likevel kjenneteiknar gruppa si karriere er at musikken heile tida endra seg drastisk frå album til album og var heile tida i front og viste veg for andre. Dei var opne for impuls både frå visesongaren Bob Dylan og folkrockarane The Byrds, men var òg sjølv eksperimentelle og nyskapande. Paul McCartney sin «Helter Skelter» frå det kvite dobbeltabumet The Beatles, vert gjerne omtalt som den aller første heavy metal-songen. Dessverre fekk den òg ei trist slagside i det den amerikanske massemordaren og satanist Charles Manson og tilhengjarane hans tolka innhaldet og meinte teksten bar bodskap om rasekrig og religiøs strid og oppfordra til bestialske drap. Eit rystande nyhende for Paul McCartney sjølv, som bedyra at noko slikt ikkje hadde den fjernaste samanheng med innhaldet i låten.

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

I perioden etter The Beatles har McCartney kanskje ikkje skapt så mange udødelege songar til «verdsarv»-lista, men karrieren har ikkje vore mindre suksessrik. Som soloartist og med gruppa si frå 1970-åra, Wings, makta han 30 Topp 10-singler i England og USA, inkludert songar som «Maybe I’m Amazed», «Live and Let Die», «Band on the Run», «Silly Love Songs», «Pipes of Peace» og ein duett med amerikanaren Stevie Wonder, «Ebony and Ivory». På konsertane sine har McCartney òg inkludert stadig fleire av Beatlesklassikarane sine frå 1960-talet.

I engelsk presse er McCartney ofte vorte skulda for å vere utdatert, men den same «musikkjournalistikken» har òg over tiår påstått at gitarmusikk var «ut», noko The Beatles òg fekk høyre av Decca sin produsent då dei søkte platekontrakt i 1962. Den stakkars produsenten er i ettertid kjent som «The Man Who Turned The Beatles Down» og gav avslag på musikkhistoria sine største underhaldarar og plateindustrien sitt fremste flaggskip. Òg som soloartist har Paul McCartney fleire gonger vist at han framleis har appell i det han jamleg har levert listetopper gjennom over tretti år. Han er òg som soloartist vorte vald inn i «Rock and Roll Hall of Fame» («Rockens æresgalleri»).

Ved sidan av det musikalske arbeidet sitt, som òg inkluderer klassisk musikk, er McCartney lyrikar og kunstmålar (men han har lenge halde dette arbeidet privat). Det var hans makker John Lennon som først vart kjent som lyrikar, kunstmålar og teiknar og så vart det ein naturleg følgje at Paul heldt tilbake med å vise sitt talent innanfor det same feltet. Paul McCartney har òg, saman med den første kona si, Linda McCartney, opptredd som internasjonal talsmann for dyrevern, mot kvalfanst og ein innbitt forkjempar for vegetarianisme.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Barne- og ungdomsår[endre | endre wikiteksten]

Mike og Paul McCartney sin barndomsheim i #20 Forthlin Road i Liverpool. Bilete er teke i 2007.

Paul McCartney vart født på Walton Hospital i den nordlege delen av Liverpool – ikkje langt frå staden der han budde som tenåring. På dette sjukehuset var det òg hans irske katolske mor, Mary Mohin McCartney (1909-1956), jobba som sjukepleiar. Her vart òg hans yngre bror Michael McCartney fødd eitt år seinare. Òg han vart musikar og ein fremragande låtskrivar (med hitsinglar som «Lily the Pink» og «Thank U Very Much») under artistnamnet Mike McGear, komikar og fotograf.

Brørne vart begge døypt katolsk, men oppdrege interkonfesjonelt, ettersom foreldra kom frå ulike trusamfunn. Far hans, Jim McCartney (1902-1976), hadde òg katolske røter, men var vokse opp som anglikanar. Han arbeidde som bomullsseljar, men var òg engasjert som pianist og trompetist i jazzband og gav sønene deira første grunnleggende kunnskapar om musikk. Heile slekta var særs musikalsk og broren Michael har seinare forklart at det ved familiesamankomstar vart sunge og musisert og at det var mykje om å gjere å finne ein flottare harmonisk tone å slutte allsongane på enn det onkel Jack til ei kvar tid kom opp med.

Mora døydde tidleg av brystkreft. Paul var den gong berre 14 år og hendinga sette djupe spor i han. At Liverpool-kameraten John Lennon, òg hadde opplevd å miste mora si då han var 17 år, (påkøyrt av ein full politimann), la noko av grunnlaget for dei tette banda mellom dei. Paul McCartney har irske røter på både mors- og farssida. Oldefar hans, James McCartney og kanskje òg Paul sin bestefar, James McCartney II, vart fødd i Irland om lag 1845. Bestefaren hans på morsida, Owen Mohin, vart fødd i Tullynamalrow, Monaghan fylke i Ulster i 1880.[1]

Rolla i The Beatles[endre | endre wikiteksten]

Paul McCartney sin Höfner-bass og George Harrison sin Gretsch sologitar.

Paul McCartney vart kjend som bassist, vokalist og komponist for gruppa The Beatles. Han vart først invitert som medlem av John Lennon si gruppe (som då heitte The Quarrymen) som gitarist i 1957, men overtok bassen da Stu Sutcliffe valde å slutte i gruppa for å vie seg til malarkunsten og kjærasten Astrid Kirchherr. Ettersom Paul var keivhendt vart bassen strenga om og avgjersla var endeleg. Stu døydde alt i 10. april 1962 av hjerneslag.

McCartney danna eit tett arbeidsfellesskap med Lennon og dei skreiv etter kvart songar saman. Av alle songane som vart signert «Lennon/McCartney» er det vorte påstått at berre 27 av dei kom gjennom reelt samarbeid, med lik tyngde frå begge to. Meir typisk var det at ein av dei skreiv mesteparten av ein song og den andre fullførte han, bygde han inn i ein annan song der han passa, eller kom med forslag om endringar. Frå om lag 1968 skreiv dei ikkje saman lenger, men på grunn av tidlegare avtalar skulle alle Beatles-songar skrive av den ene alltid vere kreditert av begge to. John Lennon likte ideen om «Lennon & McCartney», som kunne lyde som eit ekko av «Leiber og Stoller», to komponistar som stod bak mange av rockeplatene dei eigde i slutten av 1950-åra. Sjølv på songar som «Step Inside Love», som Paul gav til Cilla Black og «Give Peace A Chance», som John spelte inn med The Plastic Ono Band er begge namna oppført med felles komponistmerke (Lennon-McCartney).

Då McCartney så seint som i 2002 ønskte å omtale dei songane han sjølv hadde hovudansvar for frå Beatlesperioden ved å snu rundt på rekkefølga og skrive (McCartney-Lennon) protesterte Yoko Ono, som meinte (Lennon-McCartney) var hevdvunnen. Paul gav etter for dette argumentet og ønskte ikkje starte noko konflikt på det området.

Komponist[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei største songane til McCartney, spelt inn av andre artistar fleire gonger enn nokon anna song, er «Yesterday». McCartney har sagt at melodien kom til han i ein draum. Han vart usikker på om melodien var original sidan han virka så ferdig og naturleg – han trudde nokon alt måtte ha skrive han. I boka Paul McCartney: Many Years from Now frå 1998 avslørte han at den første arbeidsteksten til songen var Scrambled eggs / Oh my baby how I love your legs.

I løpet av dei første åra av Beatles si platekarriere utvikla McCartney seg raskt både som musikar, songar og ikkje minst komponist. Han var tungt påverka av Buddy Holly og Little Richard og innarbeidde Little Richard sitt varemerke med «wooo» i høgt toneleie – ofte nytta som musikalsk teiknsetjing på tidlege songar som «From Me to You».

Venstrehandsbass[endre | endre wikiteksten]

Den venstrehendte McCartney vart òg ein av de mest kreative og viktigaste bassistane i si tid og medverka til å bringe den elektriske bassen fram i lyset, noko som inspirerte mange unge håpefulle til å velje dette instrumentet.

I 1965 vart McCartney pressa av plateselskapet EMI sine lydteknikarar til å skaffe ein betre basslyd på The Beatles sine innspelingar, frustrert over den relativ svake basslyden på dei første platene. Bass-spelinga hans og skrivinga i løpet av The Beatles sin mest kreative periode, 1965–67, var influert av arbeidet til den amerikanske produsenten og komponisten Brian Wilson, leiaren av The Beach Boys. Det klassiske albumet deira Pet Sounds sette ny standard for plateinnspelingar og hadde bassparti som var av ukjent kompleksitet i populærmusikk. Som eit resultat av å høyre verket til Wilson fekk McCartney større interesse for både lyden og arrangementet av sine basslinjer. Han tok fordel av Abbey Road Studios nye fleirsporopptakar for å spele inn meir komplekse bassparti etter at dei første grunnleggende spora var spelt inn.

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

I løpet av dei første åra av The Beatles vart McCartney generelt sett på som den i gruppa med den beste utsjånaden og fekk størst merksemd frå det kvinnelege publikumet. Ironisk nok (eller kanskje ikkje) var han den siste til å gifte seg og samstundes den einaste som aldri vart skild i løpet av Beatles-karrieren.

På slutten av forholdet hans til skodespelerinna Jane Asher møtte han Linda Eastman, ein amerikansk fotograf. Det første møtet deira var 1. juni 1967 på eit lunsjmøte for å promotere utgjevinga av albumet Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band og forholdet blomstra dei neste to åra. Dei gifta seg i eit lite, borgarleg bryllaup i rådhuset i Marylebone i 1969. Då var han framleis medlem av The Beatles.

Paul og Linda var gift heilt til Linda døydde av brystkreft i 1998. Paret var aldri frå kvarandre meir enn éi veke i løpet av heile ekteskapet deira og den eine veka var då Paul var varetektsfengsla i Japan på grunn av besittelse av marihuana.

Drivkrafta i The Beatles[endre | endre wikiteksten]

I den siste delen av tida The Beatles eksisterte mista Lennon interesse for gruppa, medan McCartney sitt øyre og hjerne for musikk aldri hadde vore meir finstemd. Han skreiv popklassikarar som «Hey Jude», «Let It Be» og «The Long and Winding Road».

Det er no generelt akseptert at det var McCartney som var motivatoren og drivkrafta for det arbeidet som The Beatles gjorde i den siste perioden. Etter at dei slutta å turnere i midten av 1966 trekte Lennon og Harrison seg tilbake til kvar sin verna eigedom på landet i det såkalla børsbelteområdet, langt utanfor London. McCartney budde derimot framleis i byen, først i eit hus i sentrum, så på ein større eigedom i St John’s Wood, eit kort stykke frå Abbey Road Studios.

McCartney var ofte å sjå ved større kulturelle hendingar, som International Times sitt lunsjselskap på Roundhouse. Han var òg aktivt interessert i malarkunst og vart nær venn av leiande kunsthandlarar og gallerieigarar, utforska eksperimentell film og oppsøkte film- og teaterverda og konserter med klassisk musikk.

Narkotikabruk[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om McCartney ikkje var den første i The Beatles som tok LSD var han den første britiske popstjerna som open innrømma at han hadde nytta stoffet. Innrømminga i eit avisintervju tidleg på sommaren i 1967 skapte store overskrifter over heile verda.

Trass i desse utsegnene og at han seinare innrømma å ha nytta kokain på denne tida, var McCartney ein av få leiande britiske popstjerner som aldri vart lurt i noko felle av narkotikapolitiet – noko som derimot skjedde med Lennon & Ono, Harrison og mange av venene hans, inkludert The Rolling Stones og visesongaren Donovan.

Annan aktivitet[endre | endre wikiteksten]

På den musikalske sida var McCartney det første Beatles-medlemet som spelte inn eit prosjekt på utsida av gruppa. Han komponerte saman med George Martin eit stykke for filmen The Family Way (1966), som vann Ivor Novello-prisen for «Beste instrumentale tema».

Han skreiv òg og produserte fleire framgangsrike innspelingar for andre artistar og for nokre av desse produksjonane nytta han psevdonym, ein refleksjon av hans fascinasjon for alias og forkledningar. Ei av dei han hjelpte var den unge songaren Mary Hopkin, som songen singlen «Those Were the Days», produsert av Paul McCartney og gjeve ut av Apple Records og som faktisk dytta The Beatles sin eigen singel «Hey Jude» ned frå hitlistene.

Slutten på The Beatles[endre | endre wikiteksten]

McCartney leia mange av Beatles sine prosjekt på slutten av 1960-talet, inkludert konseptet Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band, filmen og plateinnspelinga av Magical Mystery Tour og ei felles samling av songar avslutta albumet Abbey Road.

I 1969, trass i openberre signal på at The Beatles heldt på å falle frå kvarandre, prøvde McCartney å overbevise dei andre medlemmene om at dei burde starte å turnere og halde konsertar igjen. Han føreslo prosjektet Get Back og som utvikla seg til filmen og albumet Let It Be.

Sjølv om McCartney håpte at filmen vil vitalisere dei andre, gjorde den det opplagt at The Beatles var ferdig som kreativ kraft og at all kjeftinga, sjalusien og presset med å vere The Beatles hadde drive dei fire musikarane frå kvarandre. Trass i den interne knivinga heldt gruppa sin enorme popularitet og publikumsinteressa for dei vart berre meir intens då det på slutten av 1969 starta ei vandresoge med den utrulege påstanden at Paul McCartney var død og hadde vorte hemmeleg erstatta alt i 1966.

Sjølv om Ringo Starr hadde slutta for ei kort stund i 1968 og Harrison hadde gjort det same i 1969, var Lennon den første til å forlate The Beatles «for godt» – for å returnere i august–september 1969. McCartney gjekk offisielt ut den 10. april 1970, ei veke før det første soloalbumet hans kom ut og annonserte at The Beatles var slutt og at dei hadde gått frå kvarandre. Gruppa var legalt oppløyst etter han gjekk til retten med ei sak 31. desember 1970.

På denne tida var venskapen mellom Lennon og McCartney rusta etter år med friksjon og rivalisering. Dei vart først forlikte kort tid før Lennon døydde 8. desember 1980, ti år etter at The Beatles vart oppløyst.

Tidleg solokarriere[endre | endre wikiteksten]

Då The Beatles gjekk frå kvarandre i 1970 starta McCartney solokarriera si med albumet med det beskjedne namnet McCartney, der han spelte alle instrumenta og song alle songane aleine, bortsett frå noko koring frå kona Linda. Mange fann denne plata lite imponerande, inkludert Lennon i eit intervju, men han hadde songar som «Maybe I’m Amazed» (som har vore eit fast innslag i dei fleste av konsertane hans sidan) og den stille melodien «Junk», som òg kom med på The Beatles-samlinga Anthology 3. En annan song verd å nemne var «Every Night», som songaren Phoebe Snow seinare hadde ein hit med.

«Krig» mot John Lennon[endre | endre wikiteksten]

McCartney følgde opp i 1971 med singelen «Another Day/Oh Woman, Oh Why». Albumet Ram, som kom seinare i 1971, var kreditert både Paul og Linda McCartney og hadde støtte frå studiomusikarar. Plata er i retrospektiv eit av hans beste med fleire sterke melodiar og både singelen og albumet vart kommersielt populære. Albumet sine illustrasjonar viste mellom anna to biller (engelsk: beetles) som kopulerte – eit mogeleg hint om McCartney sine kjensler for det førre bandet hans. Albumet hadde mogelege referansar til Lennon, spesielt songen «Too Many People»: Too many people preaching practices, don’t let ’em tell you what you wanna be …

Seinare same år kom Lennon sitt svart med den berykta og tilsynelatande ondskapsfulle songen «How Do You Sleep?» på albumet Imagine, som har eit bilete av Lennon som held ein gris i øyrene – ein openberr parallell til at McCartney held ein bukk på omslaget av Ram. McCartney kom med songen «Dear Friend» på albumet Wild Life, det første albumet med den nye gruppa hans Wings.

McCartney vart kjend, til og med berykta, for at han insisterte på at kona hans skulle vere involvert i musikken hans. Pussig nok var det ein underleg parallell av den same haldninga som publikum hadde til Yoko Ono si innblanding i Lennon sin musikk. McCartney ville òg at Linda skulle turnere som eit fast medlem av bandet, trass i hennar eigne protestar om at ho ikkje hadde nok talent til det. Etter å ha høyrt Linda synge var det fleire som delte meininga hennar, avgjersla til McCartney var ei bevisst handling; å bryte ned Beatles-mystikken og bevise at «kven som helst kunne gjere det». Trass i stadige åtak på evnene hennar, inkludert ein berykta pirattape frå 1990-åra der den falske stemma hennar bevisst var miksa fram i musikken, vart Linda eit viktig medlem i dei ulike gruppene til McCartney.

Wings[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Wings.

I ein kort periode, etter ein noko ujamn start og trass i mange utskiftingar av bandmedlemmene, vart vart Wings eit av dei meir suksessfulle rockebanda i 1970-åra. Det fann sitt kunstneriske høgdepunkt i det som ein kanskje kan sjå meir på som eit soloprosjekt med albumet Band on the Run i 1973, då berre musikaren Danny Laine (og Linda) var igjen av bandet. Det kommersielle klimakset enda i 1976 med ein særs populær verdsturne, der dei i løpet av året vart sett av to millionar fans.

Seinare solokarriere[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei akustiske gitarane Paul McCartney nytta i The Wings.

I 1980, då Wings var lagt ned, vart det internasjonale overskrifter da McCartney vart arrestert i Japan for besittelse av marihuana. Han sat ni dagar i fengsel før han vart utvist.

Trass i det knusande slaget då Lennon vart myrda seint i 1980 kunne McCartney nyte stort suksess tidleg i 1980-åra. Albumet hans Tug of War frå 1982 viste ein vital McCartney og vart ein stor suksess. Same år fekk han òg to store singletoppar med duettane: «Ebony og Ivory» i lag med soul-legenda Stevie Wonder og «The Girl Is Mine» i lag med Michael Jackson. Ein annan suksessfull duett frå McCartney-Jackson var «Say Say Say», som kom året etter. McCartney skreiv òg og spelte i filmen Give My Regards to Broad Street frå 1984. Filmen og musikken frå filmen hadde singelen «No More Lonely Nights», som toppa listene i England og USA. McCartney sitt vennskap til Jackson kjølna raskt. Ikkje lenge etter betalte Jackson ein enorm sum for Northern Songs-katalog som inneheldt dei fleste Beatles-songane. Sjølv om McCartney stadig nærma seg Jackson i håp om å forhandle seg til auke i honorarutbetalingane, vart han avvist.

Skule for kunstnarar[endre | endre wikiteksten]

I midten av 1980-årea, medan han lagde ein heimevideo som minna tida hans som skulegut, oppdaga han ein gammal bygning frå 1825 som no stod tom. Det var hans eigen gamle skule. McCartney kjøpte han for å følgje ein gammal draum om å gje noko tilbake til den gamle heimebyen sin Liverpool. I januar 1996 opna Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA), der Paul McCartney er øvste vernar. Den 7. juni same år opna Dronninga offisielt bygningen. Mange norske kunstnarar og artister av ulike slag har gått her sidan, mellom anna Lisa Stokke og Gaute Grøtta Grav.

Mot slutten av 1980-åra byrja McCartney å samarbeide med tekst og komposisjon med Elvis Costello, som resulterte i songar som har kome ut på album for begge. Best kjent er hiten frå 1989; «Veronica» frå Costello-albumet Spike og «My Brave Face», ein liten hit frå McCartney-albumet Flowers in the Dirt.

Verdsturné[endre | endre wikiteksten]

I løpet av 1989–90 var McCartney på ein eitt år lang verdsturné, der han for første gong hadde med mange Beatles-songar. Turnéen starta den 26. september i Drammen og det var den første verdensturné hans på 13 år. Han vart ein stor suksess og McCartney fylte arena og stadion over alt. Ein tilsvarande turne fann stad i 1993.

Aktivist[endre | endre wikiteksten]

Paul og Linda McCartney på Academy Awards 1973.

McCartney og kona Linda vart talspersonar for vegetarianisme og aktivistar for dyrevern. Paul har fortalt korleis vegetarianerinstinkta deira vart vekka då dei kom til sjå lam på ein åker utanfor vindauget medan dei sjølv åt lammesteik. I 1991 introduserte Linda si eiga rekke av vegetarmåltid på marknaden.

Klassisk musikk[endre | endre wikiteksten]

I 1991 gav McCartney seg inn på ein annan arena enn populærmusikk ved å samarbeide med Carl Davis for å komponere det kvasibiografiske klassiske stykket Liverpool Oratorio. Det vart generelt godt motteke, sjølv om ein del meinte at det ikkje hadde den kompleksitet som ein normalt assosierer med sjangeren, men det kan vere ufortent. Stykket mangla kanskje heller den folkelege musikaliteten som tidlegare komponistar av klassisk musikk ikkje var redd for å bevege seg inn i, men som paradoksalt ikkje var mogeleg for McCartney med den solide bakgrunnen hans i populærmusikk. Liverpool Oratorio hadde USA-premiere i Carnegie Hall i New York 18. november 1991 med Davis som dirigent og med ekteparet McCartney til stades.

Tilbake til The Beatles[endre | endre wikiteksten]

I 1994 kom McCartney, George Harrison og Ringo Starr saman for første gong sidan brotet for å gje ut det første av The Beatles sine Anthology-album, som bestod av alternative opptak og konsertopptak av Beatles-songar. Utgjevinga av nr. 2 og 3 vart ferdige året etter. Dei lagde òg to nye Beatles-songar ved å legge ny musikk på to uferdige lydopptak som Lennon hadde gjort før han døydde fjorten år tidlegare.

I slutten av 1990-åra var McCartney i strid med John Lennon si enke, Yoko Ono. Usemja deira var sentrert rundt forfattarkrediteringa for ei rekkje Beatles-songar. McCartney ønskte å endre krediteringa frå det tradisjonelle «Lennon-McCartney» til «Paul McCartney og John Lennon» for dei songane som McCartney anten hadde vore aleine- eller hovudkomponist for. Ono var såra over forslaget, som ho meinte braut med avtalen som dei to musikarane hadde vorte einige om medan Lennon var i live – at songane alltid skulle vere kreditert eit team. McCartney gjekk imot denne avtalen, men dei andre to Beatles-medlemmene var einige om at krediteringa burde vere som ho alltid hadde vore. McCartney trekte då tilbake begjæringa si.

Vidare karriere[endre | endre wikiteksten]

Den 11. mars 1997 vart McCartney slått til riddar (Knight Bachelor) av dronning Elizabeth II. Same år gjorde han det andre klassisk stykket sitt, Standing Stone, som fekk blanda mottaking. To år etter gav han ut Working Classical, eit verk som består av ei samling kortare stykke og populærmusikk omgjort for strykekvartett eller orkester.

Albumet Run Devil Run vart gjeve ut i 1999 og fekk positiv kritikk. Same år vart han vald inn i «Rock and Roll Hall of Fame» som soloartist. Han var tidlegare vald inn som medlem av The Beatles i 1988.

McCartney har sidan midten av 1980-åra vore ein ivrig malar, noko som ikkje er uvanleg for musikarar. McCartney sine måleri var av privat art fram til han i april 1999 stilte ut arbeidet sitt for første gong i Siegen i Tyskland.

I 2002 gav han seg inn på enno ein kunstart og gav ut Blackbird Singing, ei bok med poesi. Ein del av lyrikken var tidlegare songtekstar medan andre var nyskrivne som poesi. Han las frå desse arbeida i Liverpool og New York. Arbeidet var både av alvorleg art som «Here Today», som omhandla John Lennon og humoristisk som «Maxwell’s Silver Hammer».

Same år deltok han på albumet Good Rockin' Tonight: The Legacy of Sun Records, som inkluderte ein versjon av Elvis Presley sin gamle slagar «That’s All Right (Mama)» der McCartney spelte saman med Presley-musikarane Scotty Moore og D.J. Fontana.

20. oktober 2001 tok McCartney ei førande rolle i å organisere «Concert for New York City», ein hyllest til motstanden og stoltheita til New York og USA etter terroråtaket 11. september. Konserten vart halden ved Madison Square Garden og hadde innslag frå The Who, Mick Jagger og Keith Richards, David Bowie, Billy Joel, Destiny’s Child, Eric Clapton, Adam Sandler, Bon Jovi, Elton John, James Taylor og andre. McCartney var sjølv avsluttande utøvar og urframførte den sentimentale songen «Freedom».

Han er fan av teiknefilm og gav i 2004 Tropic Island Hum, ei samling av ulik animert musikk han hadde skapt gjennom fleire år.

Livet etter Linda[endre | endre wikiteksten]

I 1998 døydde Linda McCartney av brystkreft, etter å ha vore sjuk ein lengre periode. Den same sjukdommen som om lag 40 år tidlegare hadde kravd mora sitt liv.

I juni 2002 gifta McCartney seg med Heather Mills, ein tidlegare modell og talskvinne mot landminer, i ein særs storslått seremoni på Castle Leslie i Glaslough i Irland. Dei fekk ei dotter saman i 2004, men i mai 2006 vart det kjent av paret skulle skiljast. Paul har teke del i engasjementet hennar mot landminer og dessutan løyvde store beløp til kampanjen. Tidleg i 2003 heldt han ein personleg konsert for kona til bankmannen Ralph Whitworth og donerte 1 million dollar til «Adopt-a-Landmine».

I oktober 2011 gifte han seg for tredje gong. Den utkåra er Nancy Shevell frå USA

Han heldt fram å gje ut nye album med populærmusikk: Run Devil Run og Driving Rain, samstundes som han aktiverte seg for politiske grupper som Greenpeace, Ethical Treatment of Animals («Folk for etisk behandling av dyr») og andre.

På turné igjen[endre | endre wikiteksten]

Billett frå Paul McCartney sin turné, Back in the World, 2003.

I 2002 sette McCartney ut på ein større turné i USA og fekk merksemd for ein energisk og tett backingband av musikarar. De gav eit variert show som hadde appell til fans gjennom fleire generasjonar. Turnéen var den største det året og førte inn 126 millionar dollar. Turneen heldt fram gjennom resten av verda i 2003 og 2004.

McCartney var deltakar på hovudkonserten for Live 8, der han spelte «Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band» saman med U2 for å opne hendinga i Hyde Park. Han kom tilbake nesten ti timar seinare for å avslutte showet med «Get Back», «Drive My Car» (i lag med George Michael), «Helter Skelter», «The Long and Winding Road» og avslutningsvis med alle utøvarane samla i refrenget på «Hey Jude».

Siste åra[endre | endre wikiteksten]

Paul McCartney med band fotografert under konserten på Olympia i Paris den 22. oktober 2007.

McCartney sitt nest nyaste album har tittelen Chaos and Creation in the Backyard og vart gjeve ut 13. september 2005, samstundes med ein amerikansk turne. Nigel Godrich, som har arbeida med Radiohead, vart føreslått av George Martin til å produsere albumet, innspelt i London og Los Angeles i løpet av dei siste to åra. McCartney hadde meint å bruke band i studioet, men enda opp med å spele alle instrumenta sjølv; trommer, gitar, bass, tangentinstrument, blokkfløyte, harmonium-orgel og flygelhorn.

I 2005 gav han ut ei barnebok med tittelen High in the Clouds: An Urban Furry Tail, som fortel historia om ein frosk og eit ekorn som reddar livet til dei andre dyra i skogen.

I 2006 var han på plass i Abbey Road Studios i London for å starte innspelinga det foreløpig siste albumet hans, Memory Almost Full. Den vart fullført året etter i Squared Studios i New York og Black Island Studios i London. Også her trakterer Paul alle instrumenta sjølv og han har berre hjelp av medlemmer av sitt eige faste band på sju av dei 16 songane på albumet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mike McCartney: Thank U Very Much. London 1982, s. 11.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ross Benson: Paul McCartney. Behind the Myth. Victor Gollancz Ltd. London 1992. ISBN 0-575-05200-7
  • Malcolm Doney: Lennon og McCartney. Midas Books. Kent 1981. ISBN 0 85936 2361
  • Mike McCartney: Thank U Very Much. Mike McCartney's Family Album. Granada Publishing Publishing Limited. London 1982. ISBN 0-586-04920-7
  • John Mendelsohn: Paul McCartney. A Biography in Words & Pictures. Sire Books, Chappell Music Company. New York 1977.
  • George Tremlett: The Paul McCartney Story. Futura Publications Limited. London 1995. ISBN 0-86007-200-2
  • Alan Williams & William Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away. The True Story Of The Beatles' Early Years. Coronet Books. London 1975. ISBN 0-340-21016-6