Midreshet Ben-Gurion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Midreshet Ben-Gurion
מִדְרֶשֶׁת בֶּן גּוּרְיוֹן
fellesbusetnad
Midreshet Ben Gurion, sett frå Ma'ale Divshon
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Ramat HaNegev
Koordinatar 30°51′8.27″N 34°47′0.24″E / 30.8522972°N 34.7834000°E / 30.8522972; 34.7834000
Folketal 1 200  (2009)
Grunnlagd 1963
Kart
Midreshet Ben-Gurion
30°51′08″N 34°47′00″E / 30.852297222222°N 34.7834°E / 30.852297222222; 34.7834
Wikimedia Commons: Midreshet Ben-Gurion

Midreshet Ben-Gurion (hebraisk skrift מִדְרֶשֶׁת בֶּן גּוּרְיוֹן), òg kalla Midreshet Sde Boker, er eit utdanningssenter og ein kostskule i Sde Boker i Negev sør i Israel. Han høyrer til Ramat HaNegev regionale kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av ein feltskule byrja i 1962, inspirert av visjonen til David Ben-Gurion om å utvikle ein blømande jødiske kultur i den tørre Negev. Jacob Blaustein institutt for ørkenforsking, som er tilknytt Ben-Gurion universitet i Negev, Ben Gurion Heritage Institute, og ein vidaregåande skule, legg vekt på miljøstudiar, og ligg i dag her. Ben-Gurion og kona Paula Ben-Gurion er gravlagde på ei klippe med utsyn over Zindalen.

Panorama av Zindalen frå Midreshet Ben-Gurion på ein sjeldan skya dag (dei fleste dagane er det klårvêr).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]