Mikhail Kasianov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikhail Kasianov

FøddМихаил Михайлович Касьянов
8. desember 1957 (66 år)
Solntsevo
Statsborgar avRussland
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
Utdanna vedMoscow State Automobile and Road University of Technology
VervStatsminister i Russland 2000-2004
FøregangarVladimir Putin
EtterfylgjarViktor Khristenko
Alle verv
  • Russlands statsminister (2000–2004)
  • Minister of Finance (1999–2000)
  • Første visestatsminister i Russlands regjering (2000–2000) Sjå dette på Wikidata

Mikhail Mikhajlovitsj Kasianov (fødd 8. desember 1957) er ein russisk politikar. Han var statsminister i Russland frå 2000 til 2004.

Kasianov vart fødd i byen Solntsevo i Moskva oblast. Han er utdanna ingeniør og økonom. Frå 1978 til 1990 jobba han for Gosplan, den statlege planleggingskomitéen i Sovjetunionen, som hadde som oppgåve å utarbeida femårsplanar for den sovjetiske økonomien. Frå 1990 til 1999 jobba han først i økonomidepartementet og så finansdepartementet i den russiske føderasjonen.

I 1999 vart Kasianov finansminister i Russland. Då Vladimir Putin vart president vart Kasianov statsminister. I februar 2004, ikkje lenge før presidentvalet, vart han avsett som statsminister av Putin.

I 2005 erklærte Kasianov at han aktar å stilla som presidentkandidat ved valet i 2008 i opposisjon til Putin sin kandidat. Han sa òg at han kunne koma til å trekkja kandidaturet sitt dersom den demokratiske opposisjonen samla seg bak ein annan kandidat. Etter dette starta påtalemakta etterforsking av korrupsjonsskuldingar mot Kasianov frå tida då han var statsminister.

I desember 2007 vart Kasianov nominert som kandidat til presidentvalet. 26. desember trekte den andre kandidaten frå den liberale opposisjonen, Boris Nemtsov frå Unionen av høgrekrefter, sitt kandidatur til fordel for Kasianov. Kasianov var dermed den einaste liberale opposisjonskandidaten til presidentvalet i 2008. For å få godkjent kandidaturet sitt måtte han samla inn og få godkjent 2 millionar underskrifter. 16. januar 2008 leverte han inn 2 220 000 underskrifter til den sentrale valkommisjonen.[1] 27. januar erklærte valkommisjonen at 13 % av underskriftene var falske, og avviste Kasianov sitt kandidatur. Kasianov skulda president Putin sjølv for å ha stått bak vedtaket, og oppmoda til boikott av presidentvalet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]