Militært slag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit slag i militær tyding viser til eit samanstøyt mellom to fiendtlege styrkar, som regel i stor skala med mange soldatar innblanda. Føremålet med eit slag kan vera som regel å finna ut kva hær som er sterkast, slik at denne sida kan vinna krigen, eller å erobra eit ettertrakta område. Me skil mellom sjøslag, som skjer til sjøs, og feltslag, som går føre seg på landjorda.

Avgjerande slag går inn i historia som definerande hendingar. Til dømes blir slaget ved Stiklestad ofte omtala som innføringa av kristendommen i Noreg, medan slaget ved Hastings markerer byrjinga på normannarherredømet i England.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]