Millennium Dome

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arenaen Millenium Dome.

Millennium Dome er ein bygnad i Greenwich i London. Han blei opna 31. desember 1999 og var deretter open for publikum i heile 2000. Til saman kom det over 6,5 millionar vitjande det året hallen var open. Ideen med hallen var at ein skulle profilere britisk næringsliv spesielt og Storbritannia generelt.

Domen har det største samanhengande taket i verda, taket blir blant anna halde oppe av tolv støttetårn som representerer dei tolv månadane. Diameteren er 365 meter og symboliserer dagane i året. Høgda på Millennium Dome er 50 meter, men om ein reknar med støttetårna er den 100 meter.

Etter tusenårsskiftet blei Domen tømt for innhald og fleire ulike forslag på alternativ blei drøfta. Den 31. mai 2005 opna fornøyingssentret The O2 i byggnaden.