Milligram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Milligram er ei SI-avleia eining for måling av masse. Symbolet for milligram er mg. Eitt milligram er lik ein tusendel av eitt gram, som er lik ein milliondel av eitt kilogram.

Eitt milligram er om lag vekta av éin kubikkmillimeter (éin mikroliter) vatn.

Milligram er ei vanleg eining for måling av masse. Milligram vert mellom anna brukt for å oppgi mengder av vitamin og andre næringsstoff i matvarer, ofte pr. 100 gram vare.

1 milligram er lik:

Og motsett:

  • 1 mikrogram = 0,001 milligram
  • 1 centigram = 10 milligram
  • 1 desigram = 100 milligram
  • 1 gram = 1 000 milligram