Mirosława Sarna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mirosława Sarna
Statsborgarskap Polen
Fødd 8. juni 1942 (81 år)
Łódź
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968

Mirosława Kazimiera Sarna, fødd Sałacinska, (fødd 8. juni 1942) er ein polsk tidligare friidrettsutøvar som i 1969 vart europameister i lengdehopp.

Sarna deltok i Sommar-OL 1968, i Mexico-byen enda ho på femteplassen i lengdehopp med 6,47 meter. Året etter sette ho personleg rekord med 6,49 meter i EM i friidrett 1969 og vann gullmedaljen framom den olympiske meisteren Viorica Viscopoleanu, Berit Berthelsen fekk bronsemedaljen. I den same meisterskapen sprang Sarna som ankerkvinne Polen til femteplass i 4 x 100 meter stafett. I mars 1970 hoppa ho sitt livs lengste godkjende hopp på 6,54 meter då ho vart nummer 3 i innandørs-EM i Wien, 2 centimeter bak vinnaren Viscopoleanu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]