Mjølnirkrateret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mjølnir er eit meteorittkrater i Barentshavet på ei djupne på 400-500 meter, og eit av dei best bevarte nedslagskratera ein kjenner til i havet. Det oppstod for kring 149 til 141 millionar år sidan, seint i juratida, og vart påvist i 1980-åra ved seismiske undersøkingar.

Krateret har ein diameter på 40 km og har ein 9 km brei plugg midt i. I bergartane kring krateret har ein funne kvarts deformert under nedslaget og høge verdiar av iridium. Meteoritten vog 1 milliard tonn og hadde ein diameter på 1-3 km. Store vassmassar fordampa då han trefte havet og kasta havbotnsedimenta opp i lufta. Krateret er seinare dekt av yngre sediment.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]