Mokurset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mokurset er eit folkemusikkurs som vert arrangert om somrane på Mo Jordbruksskule i Jølster kommune av Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Fyrste gongen det vart arrangert var i 1984, og det har vorte halde kvart år sidan. På kurset vert det dreve opplæring i spel på bukkehorn, fele, hardingfele, lur, toradar og trekkspel, og i song.


Mokurset er eit sommarkurs i folkemusikk og –dans for både born, unge og vaksne. Mokurset tilbyr fleire ulike kurstilbod innan spel, song og dans, og det enkelte kurstilbodet er tilpassa den aktuelle målgruppa med omsyn til innhald og organisering.

Mokurset har vore arrangert årleg sidan 1984, og er ein lærings- og formidlinsarena for den tradisjonelle folkemusikken og –dansen. Mokurset er det eldste sommarkurset i folkemusikk i landet, og også det einaste sommarkurset som har ein særleg fokus på folkemusikk- og dansetradisjonar på Vestlandet.

Mokurset er eit supplement til den faste opplærings- og formidlingsverksemda som skjer i kulturskular og spelemannslag gjennom året, men er likevel ope for alle som ønskjer å delta.

Mokurset blir arrangert av Sogn og Fjordane Folkemusikklag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]