Mole i Surrey
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Mole | |
| elv | |
| Land | |
|---|---|
| Grevskap | West Sussex, Surrey |
| Distrikt | Horsham, Crawley, Mole Valley, Elmbridge |
| Byar | Crawley, Horley, Dorking, Leatherhead, Esher |
| Landemerker | Gatwick lufthamn, Betchworth Castle, Box Hill, Painshill Park, Hampton Court Palace |
| Kjelde | Baldhorns Copse |
| - stad | Rusper, West Sussex |
| - høgd | 105 moh |
| - koordinatar | |
| Munning | Themsen |
| - stad | East Molesey, Surrey |
| - høgd | 6 moh |
| - koordinatar | |
| Lengd | 80 km |
| Nedslagsfelt | 512 km² |
Mole er ei elv i det sørlege England. Ho har utspringet sitt i West Sussex, nær London Gatwick lufthamn. Nokre kilometer før utløpet deler elva seg i to løp. Den nordlege (og minste) løpet fortset som Mole, medan det sørlege løpet blir kalla Ember ved Molesey. Dei to løpa møtest igjen og renn deretter ut i Themsen ved East Molesey.
Ho har fått namnet sitt – «muldvarp» – fordi ho fleire stadene mellom Dorking og Leatherhead renn under bakken. Under tørre somrar tørkar elva såpass inn at ho òg andre stader forsvinn frå overflata, og berre renn som ein bekk i steingrunnen under.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Mole (Surrey)» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juli 2011.