Molotovcocktail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Ein molotovcocktail er eit primitivt sprengvåpen som består av ei flaske med brennbar veske (gjerne HB eller bensin).

Flaska er stoppa med ein heilt tett kork, og rundt munningen på flaska er det festa eit tjukt tøystykke som dyppast i flytande, brennbart stoff like før cocktailen vert fyrt på og kasta mot målet. Når flaska treffer noko hardt vert ho knust. Den brennbare veska sprutar ut og vert med ein gong tent av det brennande tøystykket, noko som fører til ein slags eksplosjon.

Dette våpenet er i dag mest kjend nytta av opprørarar og demonstrantar, men har òg ei lang historie som inkluderer mange krigar, som til dømes andre verdskrigen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Molotovcocktailen er oppkalla etter Vjatsjeslav Mikhajlovitsj Molotov , den sovjetiske folkekommisæren for utanrikssaker. Det var under oppbygginga til den andre verdskrigen at Finland nekta Stalin å plassere russiske militærbasar på finsk jord, noko som førte til ein storstilt sovjetisk invasjon; den sokalla Vinterkrigen. Dårleg utstyrt og fullstendig undertalige kopierte finnane idéen til ein improvisert type sprenglekam frå (ironisk nok) dei sovjet-støtta Spanske Republikanarane som måtte kjempe mot aksealliansen under den spanske borgarkrigen.

Molotov gjekk tidleg ut og påstod framfor verdspressa at Sovjetunionen ikkje bomba Finland, men fly-droppa mat til dei fattige naboane i vest. Som ein sarkastisk takk for «maten» bestemte finnane seg for å skåle dei sovjetiske styrkane velkomne med ein «Molotovcocktail» kvar gong dei kom til ein ny stad.