Monti Ernici
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monti Ernici sett frå Acropolis i Alatri.
Monti Ernici er ei fjellkjede sentralt i Italia og ein del av Appenninane i Lazio. Ho grensar til dalane Aniene i nordaust, til Liri i aust og i sør og vest til Cosa og Sacco. Dei er den naturlege grensa mellom Ciociaria og Abruzzo.
Toppane har ei gjennomsnittleg høgd på 2 000 m. Den høgaste av desse er Passeggio (2 064 m).
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Monti Ernici frå Engelsk Wikipedia .