Moresbyøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over det vestlege British Columbia, med Moresbyøya sør for Grahamøya

Moresbyøya, (engelsk: Moresby Island), er ei 3 399 km² stor øy som er del av Haida Gwaiii provinsen British Columbia i Canada. Øya ligg, saman med fleire nærliggande små øyar og holmar, i den sørlege delen av øygruppa. Ved folketeljinga i 2006 budde 402 personar på øya. Nesten alle innbyggarane held til i Sandspit, på nordaustspissen av Moresbyøya. Øya er skilt frå Grahamøya i nord av eit trongt sund.

Moresbyøya er kalla opp etter ein britisk admiral, Fairfax Moresby.