Moritz Hermann von Jacobi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moritz Hermann von Jacobi
Moritz Hermann von Jacobi 1856.jpg
Moritz Hermann von Jacobi
Fødd 21. september 1801
Potsdam i Kongedømet Preussen
Død 10. mars 1874 (72 år)
St. Petersburg i Det russiske imperiet
Bustad Preussen, Det russiske imperiet
Nasjonalitet tysk
Område Fysikk, ingeniørvitskap
Kjend for Maksimal effekt-teoremet

Moritz Hermann von Jacobi (21. september 180110. mars 1874) var ein tysk fysikar og bror av Carl Gustav Jacob Jacobi.

Han var professor i byggkunst ved universitetet i Dorpat i 1835, men i 1837 vart han kalla til akademiet i St. Petersburg. Han fann opp galvanoplastikken og eit galvanisk element. I 1839 bygde han ein båt med ein motor som var drive av straum frå eit galvanisk batteri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]