St. Petersburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sankt Petersburg
Санкт-Петербург
Den engelske breidda i St. Petersburg
Den engelske breidda i St. Petersburg
Flagget til Sankt Petersburg Byvåpenet til Sankt Petersburg
Flagget til Sankt Petersburg Byvåpenet til Sankt Petersburg


Plassering
St. Petersburg is located in Russland
St. Petersburg is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Føderal by
Grunnlagd 1703
Borgarmeister Georgij Sergejevitsj Poltavtsjenko
Geografi
Flatevidd
 - By

1 431 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2010[1])
   - folketettleik

4 880 000
  3 410,2 /km²
Koordinatar 59°56′″N 30°20′″EKoordinatar: 59°56′″N 30°20′″E
Høgd over havet 3 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 190000–199406
Retningsnummer (tlf) +7 812
Bilnummer 78, 98
Nettstad: www.gov.spb.ru

St. Petersburg eller Sankt Petersburg (russisk Санкт-Петербу́рг - Sankt-Peterburg) er den nest største byen i Russland og ligg inst i Finskebukta ved elva Neva. Byen er eit føderasjonssubjekt i Den russiske føderasjonen. Byen hadde forskjellige namn på 1900-talet, Petrograd frå 1914 til 1924 og Leningrad frå 1924 til 1991. I russisk daglegtale vert byen kalla Piter eller Peterburg.

Byen vart grunnlagd av tsar Peter den store den 27. mai 1703 og vart gjort til hovudstad i Det russiske imperiet i emri enn to hundre år (1713–1728, 1732–1918). Hovudstaden vart flytta tilbake til Moskva i 1918 etter den russiske revolusjonen.[2]

Byen har i dag kring 4,9 millionar innbyggjarar og over 6 millionar innbyggjarar i storbyområdet. St. Petersburg er eit stort kultursenter i Europa og ein viktig russisk hamneby ved Austersjøen.

St. Petersburg vert ofte skildra som den mest vestlege byen i Russland.[3] St. Petersbyrg er den nordlegaste millionbyen i verda. Det historiske sentrumert i byen er innskrive på verdsarvlista til UNESCO. Som det politiske og kulturelle senteret i Russland i meir enn 200 år har byen stundom i Russland vorte kalla «den nordlege hovudstaden». Mange utanlandske konsulat, internasjonale selskap, bankar og andre føretak held til i St. Petersburg.

Næringsvegar[endre | endre wikiteksten]

Byen har mykje handel der hamna speler ei viktig rolle, samt mykje forskjellig industri. I tillegg er det mykje turisme og byen er rekna som det største kultursenteret i landet med mange attraksjonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tysk kart over St. Petersburg frå 1888
Frå ein kanal i St. Petersburg

Peter den store grunnla St. Petersburg i 1703 i ønske om å skape eit «vindauge mot vest», ein europeisk storby. Namnet på byen vart først skrive på nederlandsk, Piterburkh, men vart seinare endra til det tyske St. Petersburg. Mange byar i Vest-Russland har tyske namn, mellom anna fordi tysk vart sett på som eit finare språk enn russisk, og vart nytta av byborgarskapet og adelen i vest; særleg i St. Petersburg. Byen ligg til i eit myrområde som ein gong høyrte til Sverige, der elva Neva munnar ut i Finskebukta. Det var denne strategiske plasseringa i forhold til Austersjøen som var årsaka til at St. Petersburg vart bygd akkurat der. St. Petersburg vart bygd under leiing av tyske ingeniørar tsaren hadde invitert. Byen var verna av ei festning på øya Kronstadt.

Datoen for grunnlegginga vert rekna som 16. mai, då fundamentet for Peter-Paul-festninga vart lagt. Byen vart offisielt hovudstad i Russland i 1712, då tsar-familien flytta frå Moskva, og var hovudstad fram til den russiske revolusjonen i 1917.

første verdskrigen braut ut i 1914, vart han omdøypt til Petrograd fordi St. Petersburg var tysk, og under kommunismen vart han omdøypt til Leningrad den 29. januar 1924, etter at Vladimir Lenin døydde. Då Finland vart invadert av sovjetiske styrkar i november 1939, vart åtaket forsøkt rettferdiggjort ved ein påstand om at Sovjetunionen berre ønska å styrke forsvaret av Leningrad. Historiske finske busetnader låg framleis inntil forstadane av byen, fordi Peter den store hadde gjort den feil å anlegge hovudstaden på erobra framand jord. Stalin akta å deportere den finske folkesetnaden i området.[4]

Under andre verdskrigen vart byen omringa og omleira av det tyske Wehrmacht. Omleiringa varte frå 8. september 1941 til 27. januar 1944, heile 29 månader. I løpet av omleiringa er det estimert at om lag 800 000 av dei 4 000 000 innbyggjarane i byen døydde. For den heltemodige motstanden vart byen utnemnd til helteby.

Då Sovjetunionen gjekk mot slutten, fekk byen 6. september 1991 tilbake sitt opphavlege, tyske namn, St. Petersburg.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

St. Petersburg har tiltrekt seg innflyttarar frå heile Russland og andre delar av det som var Sovjetunionen. Den klart største folkegruppa er likevel etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var dei største folkegruppene:[1]

13,4 % oppgav ikkje etnisitet ved folketeljinga.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

År Innbyggjarar
1800 220 200
1830 435 500
1850 487 300
1881 928 000
1900 1 440 000
1915 2 348 000
1920 763 900
1925 1 379 000
2002 4 700 000
2010 4 880 000

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Oppstodekyrkja
Museumskomplekset Eremitasjen med Vinterpalasset til høgre

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
  2. Nicholas and Alexandra: An Intimate Account of the Last of the Romanovs and the Fall of Imperial Russia (Athenum, 1967) av Robert K. Massie, ASIN B000CGP8M2 ISBN 0-345-43831-0
  3. V. Morozov. The Discourses of Saint Petersburg and the Shaping of a Wider Europe. Copenhagen Peace Research institute. 2002. [1]
  4. Norman Davies: Europa i krig, forlaget Gyldendal, Oslo 2007, ISBN 978-82-05-37623-6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: St. Petersburg