Mosby
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mosby er ein busetnad i Kristiansand kommune i Vest-Agder. Staden ligg 10 km nord for bysenteret og er ein del av tettstaden Vennesla.
Mosby er ein gamal industristad ved Sørlandsbanen og elva Otra. I tillegg ligg han nært riksveg 9 og fylkesveg 405. Tidlegare høyrde Mosby til kommunen Oddernes.
Fyrste ledd i namnet kjem frå norrønt mór, 'mo', siste ledd opphavleg bø.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Mosby»