Otra
| Otra | ||
|
|
||
| Utspring | Setesdalsheiane | |
| Munning | Kristiansand | |
| Lengd | 245 km | |
| Middelvassføring | 150 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 3740 km² | |
| Renn gjennom | Kristiansand | |
Otra er den største elva på Sørlandet. Ho renn frå Setesdalsheiane i Bykle kommune i Aust-Agder i nord til Kristiansand i Vest-Agder i sør. Elva er lakseførande opp til Vigeland i Vennesla. I tillegg finst den spesielle relikte laksen bleke i Byglandsfjorden.
Innhaldsliste |
Elveløpet [endre]
Otra er 245 kilometer lang og er dermed den åttande lengste elva i Noreg. Middelvassføringa er 150 m³/s. Høgaste vassføring er målt i oktober 1987 med om lag 1000 m³/s. Nedslagsfeltet er 3740 km² stort.
Det er to store innsjøar i vassdraget, Åraksfjorden og Byglandsfjorden.
Fisk [endre]
Laks [endre]
I Otra er det produksjon av lakseungar og laksesmolt. Vasskvaliteten dei siste åra har vore så god at det ikkje er registrert forsuringsskadar på smolten. Laksen klarer seg godt i Otra fordi elvevatnet ikkje er så surt. Det er kalkrik berggrunn i nedbørfeltet øvst i Setesdal som gjev elvevatnet ei viss bufferevne mot forsuring.
Fangstane dei siste åra har vore varierande:
- 2001: 7,2 tonn
- 2002: 5,3 tonn
- 2003: 7,4 tonn
- 2004: 5,8 tonn
- 2005: 9,9 tonn
- 2006: 10,7 tonn
- 2007: 5,9 tonn
Bleke [endre]
Bleke er ein laksefisk som berre finst i Otravassdraget.
Ørekyte [endre]
Òg karpefisken ørekyte har fått innpass i Otravassdraget. Det er funne ørekyte i heile vassdraget sør til Byglandsfjorden. Denne fisken er uønska i vassdraget, og ein arbeider for å hindre vidare spreiing.
Regulering [endre]
Otra er ei av Noregs mest regulerte elvar med fleire kraftverk:
- Holen kraftverk
- Brokke kraftverk
- Bjørgum småkraftverk
- Hekni kraftverk
- Hovatn kraftverk
- Langerak kraftverk
- Iveland kraftverk
- Nomeland kraftverk
- Steinsfoss kraftverk
- Hunsfoss kraftverk
- Vigelandsfoss kraftverk
I tillegg til kraftstasjonar er det etablert pumpestasjonar for overføring av vatn mellom reguleringsmagasin:
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Otra» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mai 2008.