Sørlandsbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sørlandsbanen er eit namn på jarnbanestrekninga frå Oslo via Kristiansand til Stavanger.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sørlandsbanen vart sluttført i regi av den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Frå 1. mai 1944 vart Sørlandsbanen opna for normal drift. I lange strekningar går jarnbanen inni landet i staden for langs den tettare folkesette kystlina. Ein grunn til dette var at jarnbanelina skulle vernast mot invaderande styrker. I tillegg skulle det ikkje vera mogleg å skyte mot jarnbanelina frå krigsskip. Jarnbanen var ei viktig transportåre for transport av soldatar såvel som krigsmateriell.

Stasjonen i Kristiansand er bygd som ein endestasjon, slik at toga som skal fortsetja mot Stavanger eller Oslo må snu der.

Oppdeling[endre | endre wikiteksten]

Sørlandsbanen kan delast opp i ei rekke understrekningar og sidebanar. Sjå elles stasjonsoversynet nedanfor.

Stasjonar på Sørlandsbanen[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!