Mossø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mossø
innsjø
Mossø sett frå nordaust omkring Alken
Land  Danmark
Kommunar Skanderborg Kommune, Horsens Kommune
Utløp Gudenå
Nedslagsfelt 624 km²
Høgd 22,30 over DNN moh.
Areal 16,9 km²
Djupn m
Største djupn 22 m
Volum 151 mill. m³
Kart
Kart
Mossø
Kart
Mossø
56°02′15″N 9°46′30″E / 56.0375°N 9.775°E / 56.0375; 9.775
Wikimedia Commons: Mossø

Mossø ved Skanderborg er den fjerde største innsjøen i Danmark og den nest største i Jylland, etter Stadil Fjord. Han er ein del av Gudenåsystemet. Sjøen har ei lengd på om lag 10 km og ei breidd på knapt 2 km. Han har eit overflateareal på ca. 16,9 km² og ei maksimal djupne på 22 meter. Innsjøen og områda kring vart freda i 1977.

Mossø sett frå sørvest ved Klostermølle; I bakgrunnen er Gammel Rye

Mossø blei danna under den siste istida, altså for om lag 10 000 år sidan. Djupnemessig er Mossø delt i to basseng – eit lite og grunt i vest og eit stort og særs djupt i aust. Dei to bassenga er skilde av ein grunn tange, som frå Emborg Odde strekker seg nesten heilt over til sørsida. Mossø renn ut i Gudenå nær Klostermølle i vestenden av vatnet.

Sjøen er omgitt av skog, eng og åkerland. På somme stader er det store røyrskogar og myrområde langs breiddene av sjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mossø